Det blir ikkje noko loddefiske i Barentshavet neste år, men torskekvoten blir noko større enn det som var tilrådd.

Det er resultatet av fiskeriforhandlingane mellom Norge og Russland som blei avslutta i Ålesund natt til torsdag. Partane er samde om at forvaltinga av dei viktige fiskebestandane framleis skal vere berekraftig. Lodda si viktige rolle i økosystemet gjer at ho blir freda i 2019 slik bestandssituasjonen no er.

Torskebestanden er derimot i god forfatning og kvoten blei sett til 725.000 tonn neste år. Dette er ein reduksjon på seks prosent, medan forskarane tilrådde 13 prosent kutt. 328.697 tonn av torskekvoten er tildelt Norge, og den norske hysekvoten blir på 85.080 tonn.

Bestandssituasjonen for snabeluer blir rekna som så god at det kan fiskast 53.757 tonn. Sist ein kunne fiske så mykje snabeluer var i 1985.