Ho meiner det bør settast opp møteskilt i påvente av at utvidingsplanane blir sette ut i livet. Remøydama kom for ei tid sidan med eit tilsvarande utspel overfor fylkeskommunen, men har enda ikkje fått noko tilbakemelding der ifrå.

Her peikar ho på at skilting av møteplassar er eitt av fleire enkle grep som kan gjerast før det blir gjort noko meir drastisk med vegen. Alle lommer bør skiltast, i begge retningar, slik at trafikantane ser kvar dei kan stoppe for møtande trafikk. I tillegg meiner ho det bør skiltast om møteplassen på toppen av Remøybrua.

– Vi som køyrer dagleg veit kvar stopplommene finst, men det veit ikkje turistane som kjem susande med bubilane sine som om det skulle vore ein normalt brei veg, skriv Endresen.