Såre halsar, tette nasar, irriterande hoste. Førebels er det mest vanleg haustforkjøling som er ute og går. Men sesonginfluensaen nærmar seg med stormskritt. Er du klar når det skjer?

– Beskytt deg sjølv og dei rundt deg, oppmodar kommuneoverlege Torill Myklebust og leiande helsesyster Elisabeth Slettestøl i Herøy kommune.

Mange får få eller lette symptom på influensa, men dei kan like fullt vere smitteberarar som utgjer ein risiko for menneske rundt seg.

– Enkelte pasientgrupper, til dømes dei med redusert immunforsvar, har redusert effekt av vaksinen. Andre kan ikkje få vaksine, som til dømes babyar under seks månadar, seier Myklebust.

Dette er årsaka til at kommunen køyrer kampanje på at helsepersonell skal vaksinere seg.

Det bør sjølvsagt personar i risikogruppa også gjere. Influensavaksinen er tilrådd for:

• gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester).

• bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim

• alle frå fylte 65 år

• barn og vaksne med:

diabetes type 1 og 2

• kronisk luftvegssjukdom, hjarte- og karlidingar, leversvikt eller nyresvikt

• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

• nedsett immunforsvar

• svært alvorleg fedme (KMI over 40)

• annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom

– Inneheld ikkje aktive virus

Influensaviruset er eit ustabilt virus, som betyr at det varierer frå år til år. Influensavaksinen vert laga utifrå det ein forventar at skal kome.

– Han inneheld delar av ikkje-aktive virus. Difor kan du ikkje bli sjuk av influensavaksinen, men du kan få ein forbigåande reaksjon, forklarer Myklebust.

Influensavaksinen har i snitt 60 % effektivitet.

Oppmodar folk til å følgje med

Leiande helsesøster Elisabeth Slettestøl oppmodar folk til å følgje med på kommunen sine heimesider og annonsering i avisa for å orientere seg om tid og stad for vaksineringa.

Vaksinering i Sande

Vaksinen kjem, etter det Vestlandsnytt får opplyst, til Sande i veke 43. Etter det vil vaksinen bli gitt fortløpande på legekontoret. Det vert også sett opp ein vaksineringsdag på bygdestova ved Sandetun, men tidspunktet er enno ikkje fastsett.