Programmet «Tro, håp og Lillesæter» på P1 har nå 100 000 lyttarar! Alette Teige, som leia samtalen, ville vite korleis det er å stå på landets største talarstol.

– Det gjer meg faktisk litt skjelven, for eg er, tru det eller ei, ein beskjeden gut frå Ålesund. Men det er veldig kjekt å registrere at lyttartala til salmeprogramma aukar. Erfaringa mi er at svært mange er glade i salmane våre, også blant dei som sjeldan oppsøkjer kyrkja. Levi Fragell, som har teke eit kraftig oppgjer med kristen tru, fortalde ein gong at han framleis oppsøkjer songkveldar i si tidlegare kyrkjelyd for å oppleve skikkeleg lovsong!

Glad i salmar

Lillestøl fortalde også at han plukkar ut gjestar til programma sine ikkje ut frå om dei har ei avgjort gudstru, men ut frå om dei er glad i religiøs musikk. Så viser det seg at dei aller fleste, når det kjem til stykket, likevel har eit kristent livssyn. Han overtok salmeprogramma i NRK etter Helge Gudmundsen, og før det vart Sigurd Lunde legendarisk med programmet «Salmer og songar vi gjerne høyrer». Kjetil Lillestøl er audmjuk når han tenkjer på tradisjonen han står i som formidlar av salmeskatten til norske radiolyttarar.

– Eg høyrer til den første generasjonen i Norge som slapp å pugge salmar på skulen. Likevel vart eg glad i salmar, og fekk jobben som «salmegeneral». Eigentleg vil eg nok heller kallast «livssynsjournalist med spesiell interesse for salmar og songar».

Frykt for å bli forlaten

Alette hadde på førehand utfordra Lillesæter til å velje ein favorittsalme, og det vart «O, bli hos meg». Han meinte «Abide with me» kanskje er den salmen i verda som er mest sungen. Grunnen trur han er at teksten uttrykkjer ein lengsel etter å ikkje bli forlaten. Den lengselen kjenner mange menneske på når dei har det vanskeleg, uavhengig av om dei har ei gudstru eller ikkje. Dermed tok Alette ein pause i samtalen, og fekk med seg kyrkjelyden på «Å, ver hjå meg».

6 timar religion kvar søndag

Mange meiner at NRK har sin del av skulda for at landet vårt vert avkristna, og Kjetil Lillesæter vedgjekk at han ofte høyrer liknande påstandar. Men han hadde gode motargument:

– Kvar søndag sender P1 og P1+ gudsteneste frå 11 til 12. Så kjem «Mellom himmel og jord», eit direktesendt livssynsprogram, frå 14 til 16. Så kjem «Salmer til alle tider» frå 20 til 21 og «Tro, håp og Lillesæter» frå 21 til 22. Det blir 6 timar kvar søndag! I tillegg kjem andakten kvar morgon frå måndag til torsdag, og dessutan har vi «Verdibørsen». Eg meiner NRK tek sitt «religiøse ansvar» alvorleg.

Gode vaksenleiarar på bedehuset

Kjetil Lillesæter vaks opp i Ålesund og er utdanna religionshistorikar. Han var aktivt med i ungdomsmiljøet på Spjelkavik bedehus i oppveksten, og han har svært gode minne frå den tida. Han meiner det var utruleg viktig å høyre til ein stad med trygge rammer, og dei vaksenleiarane han møtte på bedehuset gjorde ein fantastisk jobb og var langt frå nokre strenge mørkemenn.

Kompromisslaus Jesus

– Jesus er framleis det største forbildet eg har. Han var ein opprørar i verdshistoria og han var kompromisslaus i møtet med makthavarane og presteskapet. Han tok parti med outsiderane og dei svake, og omga seg med og gav verdigheit til dei som stod lengst nede på rangstigen. Maset om godhetstyranni i dag tykkjer eg er merkeleg. Eg trur ikkje på det, og eg ønskjer heller å sjå opp til menneske som viser godheit!

Prostiprest Kjell-Roger Isene var liturg og heldt appell ut frå dagens tekst. Atle Hovden Havåg sat ved orgelet, og kveldsmessa var godt besøkt med 150 frammøtte. I offer til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt på Madagaskar kom det inn 8400 kr.

KYRKJEKAFFI: På kyrkjekaffien var der mange av dei frammøtte som ønskte å få ein prat med ålesundaren som er NRK sin «salmesjef». Foto: Roar Skoglund