Ikkje andre enn dei som oppfyller avstandskrava vil få skuleskyss etter at Skarabakken er utbetra. Etter ferdigstillinga med fortau vil denne vegen ikkje lenger vere rekna som særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, og fell difor ut av det kommunale skyssreglementet. Til no har det vore skyss for alle fyrsteklassingar, samt vinterskyss for 2. til 4. klasse. Andre endringar i skyssreglementet blir ikkje tilrådd overfor oppvekstkomiteen.