På laurdagen var det første divisjon som spelte. Tommy Wolff frå Hyllestad var svolten på siger, men Jan Ove Kvalsund Hansen jakta også siger, og sørga for at gullet blei verande i Herøy. Jan Ove vann 7–5 etter ein spennande finalekamp, seier Even Eiken Pettersen i Herøy biljardklubb til Vestlandsnytt.

Høg prestasjon var det også på søndagen, då frå 2. divisjons spelarane våre. 3 av 4 semifinaleplassar bestod av HBK-spelarar, og i finalen blei det eit klubboppgjer. Det var Edvin Eri Pettersen mot Sindre Eide som spelte overraskande godt i helga. Etter ein veldig spennande finale enda det med ein 5–4 siger til Edvin, seier Pettersen.