Dei to Teige-brørne har blitt samde om å dele eigarskapen slik at Knut blir eineeigar av Teigenes og Sigurd får Sjøbris.

Sigurd får dessutan betalt eit mellomlegg som skal likne ut skilnaden som er mellom dei to båtane både i alder, kapasitet og kvotemessig.

20 års aldersskilnad

Dagens Sjøbris var Teigenes fram til dei to brørne kosta nye Teigenes i 2005. Sjøbris er med 1985 som byggeår den eldste av Herøy sine kombinerte ringnotsnurparar og kolmuletrålarar, og heller ikkje Teigenes er av dei nyaste i Herøyflåten.

Ingen av dei to Teige-eigde båtane er fullstrukturerte verken etter det nye eller det gamle kvotetaket. Teigenes si kvote er på 620 basistonn, medan Sjøbris sin basis for tildeling av årlege kvantum i dei kvoteregulerte fiskeria er på 550 tonn.

Med sine 75 meter har Teigenes ein del større lastekapasitet enn 69 meter lange Sjøbris.

Nokre millionar meir

Basert på inneverande års reguleringar og prisar, utgjer verdien av kvoteskilnaden mellom dei to båtane om lag fire millionar kroner som Teigenes kan fiske meir enn Sjøbris av NVG-sild og makrell.

I tillegg har begge båtane kolmulekvote og fiskar også nordsjøsild og lodde.

Medan Teigenes-selskapet har vore heileigd og likt delt mellom dei to brørne og deira familiar, har Teige-brørne eigd berre 75 prosent av Teigebris som er eigarselskapet for Sjøbris. Atle Remøy og Per Inge Remøy eig dei resterande 25.

Teigenes fiska i fjor for 54,7 millionar kroner og fekk eit resultat på 8,6 mill. kroner før skatt. Tilsvarande for Sjøbris var 46 mill. kroner og 10,2 mill. før skatt.

Godt motteken

Avtalen som dei to brørne har inngått blir godt motteken i fiskerimiljøet.

Avtalen omfattar også landeigedomar som dei to Teige-brørne har eigd i lag.

Westing-eigedomen på Eggesbønes blir etter dette heileigd av Sigurd Teige. Den delte eigarskapen held derimot fram for dei to næringsseigedomane Strandteigen og Sentrumsteigen i Fosnavåg sentrum.

Alle andre selskap i gruppa er eigde av Sigurd Teige og slik blir det også vidare.

Ingen av partane ønskjer på noverande tidspunkt å kommentere avtalen sidan alle formalitetar enda ikkje er heilt på plass.

– Eg kan ikkje kommentere noko som helst før fisjonen er gjennomført, seier Sigurd Teige om saka som Nett.no var fyrst ute med.

Planlegg nybygg

Derimot kan han stadfeste at Sjøbris er lagt ut for sal, noko som igjen betyr at det blir jobba med planar om å erstatte det 33 år gamle fartøyet med eit nybygg. Situasjonen i Tyrkia har imidlertid gjort at byggeplanane er sette litt på vent.

Ifylgje Teige sjølv er Tyrkia uaktuelt som byggeland så lenge dagens situasjon, der ikkje noko verft er istand til å stille garantiar som norske bankar kan godkjenne, er gjeldande. Dessutan finst det smått med alternativ sidan verken norske eller andre europeiske verft er konkurransedyktige for det aktuelle prosjektet.

– Vi ventar no på tilbod frå ikkje-europeiske land, seier Teige som i mangel på europeiske verft har flytta blikket mot Austen.