Både bensinstasjonen og Coop-butikken på Larsnes er i løpet av dei siste par vekene utsette for innbrot.

For om lag to veker sidan vart det knust ei rute i Coop-butikken, og vedkomande som tok seg inn, stal også nokre nokre bestemte varer i lokala.

Tidleg måndag morgon denne veka skjedde noko liknande på bensinstasjonen i landsbyen. Igjen var det ruteknusing og tjuveri.

I tillegg har det også andre stadar i same området vore tilfelle av hærverk i det siste.

Etter det Vestlandsnytt skjønar skal det også ligge føre fotografiske prov når det gjeld dei to innbrota. Vi har fått spørsmål frå folk i bygda om kvifor tilfella av innbrot og hærverk til no ikkje har vore omtala i avisa.

Lensmann Tor Sæther stadfestar overfor Vestlandsnytt at dei siste tida har fått inn anmeldelse om to innbrot på Larsnes.

– Når det gjeld det første innbrotet, i Coop-butikken, vart det stole varer for mindre verdiar. I den saka har vi sikra spor, men ikkje funne fram til gjerningspersonen. Saka har inntil vidare status som uoppklart, seier Sæther.

Rask oppklaring

Når det gjeld innbrotet som skjedde tidleg måndag morgon denne veka i bensinstasjonen sine lokale på Larsnes, har politiet funne fram til ein gjerningsmann.

– Vi har avhøyrt ein ung mann og reknar saka som oppklart, utan at etterforskinga er ferdig, seier Sæther.

Han ser ikkje nokon samanheng mellom dei to sakene, men kan heller ikkje utelukke at det finst ein samanheng.

Lensmannen strekar under at det ikkje er nokon grunn for folk på Larsnes til å kjenne seg utrygge.

– Det er ingen grunn til å vere engsteleg. Dette er snakk om ein enkeltperson, og det er ikkje på noko vis knytt til noko miljø, seier han.

Om det oppstår hendingar eller folk oppdagar at det er utført hærverk eller kriminelle handlingar, ber han folk om å ikkje nøle med å ta kontakt.

– Då bør folk ringe 02800, same kva tid på døgeret det er, seier lensmann Sæther, og som poengterer at han seier det siste på generelt grunnlag.