Kvamsøy bygde- og næringslag har år etter år vendt seg skriftleg til kommune, fylkeskommune og vegvesen med ulike saker som relaterer seg til vegane på øya.

– Vi når ikkje fram med sakene våre, og ønskjer at Sande kommune skal ta med seg våre innspel til møte med fylkeskommunen og vegvesenet, heiter det i eit ferskt brev til kommunen.

Laget, talerøyr både for folk og næringsliv, har lagt ved ei lang liste med utfordringar der dei meiner dei ansvarlege bør syte for handling.

Det første punktet gjeld mangelen på snuplassar på sør- og nordsida av øya, ei sak som gjentekne gongar også har vore omtala av Vestlandsnytt.

– Snuplassane er så knappe at større bilar har problem med å snu. Fleire gongar har slike bilar rygga over større avstandar for å finne plass til å snu, skriv leiar Asbjørn Støylen og sekretær Tove Cath. Kvamme.

Det dei veit, er at fylkeskommunen har sett tiltaket på ei sokalla TS-liste over tiltak som kan gjennomførast.

Sjøen kastar tare og stein inn på vegen

Der er ei rekkje andre trafikale utfordringar.

Ute i Kvamskleiva bryt faktisk sjøen inn på vegen og legg opp tare og stein når det er flo sjø og vind. Her har ein bede om å få sett opp brystning mot sjøen. Også her ligg tiltaket inne på ein fylkeskommunal plan, eit tiltak som kan gjennomførast, utan at det så langt har formalisert seg i handling.

Mange stadar er det mykje overflatevatn i vegbana. Her ber kvamsøyingane om synfaring og tiltak i form av opptak av grøfter og stikkrenner.

Dessutan ber ein om at ein tidlegare avgreven fylkesveg nedanfor butikken på øya vert asfaltert og stelt til skikkeleg. Vegen vart avgreven i samband med Kystverket sitt mudringsprosjekt for nokre år tilbake.

Ein gangveg som går frå eit vegkryss og sørover til butikken er «ikkje brukande», rapporterer kvamsøyingane vidare. Vegen er både avgreven og for bratt.

Ikkje trygt å gå

Heller ikkje på punktet «generelt vegvedlikehald» er det på stell. Fylkesvegen er mange stadar i veldig dårleg stand.

– Fleire stadar er det utrygt å gå, då du risikerer å snuble i holer, heiter det frå øyfolket.