Det slår Sølvi Lillebø Remøy fast i eit notat til økonomiavdelinga i samband med budsjett- og økonomiplanbehandlinga for 2019–21.

Her åtvarar kommunalsjefen for oppvekst mot nye nedskjeringar på skule- og barnehageområdet, og signaliserer behov for nye løyvingar i millionklassen for å sikre at Herøy held tritt med resten av landet på området.

Har kutta til beinet

Vi har prøvd å ta ned utgifter der det er mogeleg, men her er lite å skjere, skriv Lillebø Remøy.

Dette er ifylgje kommunalsjefen ein konsekvens av stadig innsparing og stram drift over lengre tid. I tillegg opplever ein at stadig fleire barn, både i barnehage og skule, har behov for ei tilpassing av tilboda og auka bemanning.

Ulovleg og uforsvarleg

Å kutte meir undervisningstimar i skulen framover vil bli nesten uråd om ein skal drive lovleg og forsvarleg, skriv kommunalsjefen, og viser til at for dei store skulane set den lovfesta lærenorma avgrensingar for kva som kan kuttast.

Ved dei små skulane kan ein måtte slå saman stadig fleire årstrinn i same klasse, noko som kan utfordre vurderinga av det forsvarlege.

Struktur like aktuelt

Dermed slår kommunalsjefen fast at det å sjå på strukturen er minst like aktuelt i dag, som for eit år sidan, slik økonomien til kommunen har utvikla seg. Det gjeld både for barnehage og skule, skriv Lillebø Remøy, som ved førre budsjettbehandling hadde nedlegging av Moltu skule som eitt av kuttforslaga sine. Men politisk var det ikkje stemning for å flytte Moltu-elevane til Stokksund.

Digitalt lyft

I notatet kjem kommunalsjefen nærare inn på dei særlege utfordringane knytt til fagfornying, rekruttering av leiarar, ein forsvarleg bygningsmasse og den digitale utviklinga.

Til kjøp av iPad og anna digitalt utstyr ber kommunalsjefen om 1,3 mill. kroner dei neste tre åra. Konsekvensen av å ikkje ta denne investeringa vil vere at Herøy-elevane ikkje vil ha dei digitale ferdigheitene dei skal ha, og den digitale kompetansen som trengst i eit samfunns- og arbeidsliv som blir meir og meir teknologisk, ikkje minst i vår region.