– Det har vore sopass stor respons frå fleire som ikkje har fått det med seg, og folk som berre har lyst til å sjå det igjen, at vi bestemte oss for å sende ein førespurnad ut til resten av gjengen. Og dei var klare dei, seier trommis og opphavsmannen bak Bryl og Vinyl, Terje Kvalsvik.

25. november leitar altså aktørane bak showkonserten fram skinnjakkene og brylkremen for ein reprise på Fosnavåg konserthus.

– Har funne oppskrifta

Kvalsvik fortel at dei er takksame å få moglegheita av å gjere det igjen, sjølv om dei kanskje byrjar å bli litt slitne av Grease-musikken etter to år med øving.

– Det stadfestar at vi har funne oppskrifta for ein publikumsmagnet.

Stikkorda er lokale talent, dans, musikk, vilje og perfeksjonisme. Og kanskje litt bryl.

Allereie selt billettar

Kvalsvik fortel at dei allereie har selt godt over 100 billettar til ekstraframsyninga og oppmodar folk om å sikre seg billettar i god tid.