Etter presidentvalet i USA dukka det opp eit nytt omgrep; alternative sanningar. Dersom vi aksepterer dette og let det snike seg inn i vår måte å kommunisere på har vi eit problem. Mykje tyder på at Trump ikkje er åleine om å nytte slike knep. Kva har så dette med overskrifta å gjere? Sett frå mi heimbygd, ei øy i utkanten, er det ikkje vanskeleg å sjå endringane i måten vi kommuniserer. Det er urovekkande.

Byane og tettstadane vart til fordi det var naturleg å samle service og handel på stadar som låg slik til at det var enkelt for utkantane å reise dit. Dette var livsgrunnlaget for tettstadane, men verdiskapinga som primærnæringane står for skjedde i utkantane. Slik er det framleis. Rett nok driv ein med mykje foredling i tettstadane, men råstoffet og ferdigvarene må transporterast både inn og ut. Dette skaper eit stort behov for transport og dermed press på vegutbygging sentralt.

Her gjeld ikkje det gamle slagordet lenger. Det har vorte erstatta av alternative sanningar. Landsdelar kjempar mot kvarandre, byar kjempar mot kvarandre, kommunar kjempar mot kvarandre, til og med bygder i same kommune kjempar mot kvarandre. Resultatet er at fleirtalet brukar makta kynisk og sparkar nedover. Utkantane som i utgangspunktet har ressursane vert avfolka utan at dei som har makta gjer noko med det. Det kan vere vanskeleg å identifisere enkelt-årsakene til denne utviklinga.

Grendelaget på heimstaden min har ved fleire høve peika på at stadige små og tilsynelatande ubetydelege reduksjonar i tenestetilbod adderer seg opp til større problem som ein til slutt ikkje rår med. Det resulterer i at utkantane ikkje får ta del i den generelle velstandsutviklinga som går sin gang elles i landet. Frustrasjon, resignasjon og fråflytting er resultatet, og mange misser trua på dei folkevalde og forvaltinga. Ein fortvila øybuar i Sogn og Fjordane sa det slik: «Vi vert ikkje lenger rekna som fullverdige folk». For eigen del er det freistande å legge til: Vi vert flyktningar i eige land!

Ein kan gjerne diskutere kva som kom først og sist. Vi har litt skuld i det sjølve fordi vi ikkje engasjerer oss nok i lokalpolitikken, men av di vi vert færre innbyggarar å dele oppgåvene på, maktar vi ikkje lenger å vareta rettane våre. For yrkesaktive og næringsdrivande er det i praksis uråd å setje av nok tid til å kunne drive politikk på det nivået som trengst for å påverke utviklinga. Dette må vi difor overlate til dei som har jobbar og sosiale ordningar som kompenserer det økonomiske tapet eit slikt engasjement medfører. Resultatet er at vi vert stemoderleg behandla både på det politiske nivået og alle forvaltingsnivå.

Vi fylgjer saka om Nordøyvegen med stor interesse. Her vert overskrifta på dette innlegget sett på prøve. For oss som er avhengig av fleire ferjer med få avgangar for å nå tettstadane er verkelegheita heilt annleis enn sett frå fastlandet. Korrespondanse buss/ferje i vårt distrikt er håplaust ineffektivt. Helsetenester vert dårlegare, posten reduserer tilbodet år for år, skuletilbodet står i fare, butikken får auka kostnader og redusert vareutval. Både for private og for næringslivet er dette svært belastande og kan resultere i flytting til meir sentrale plassar.

Det er ikkje dei store fjordkryssingane som er problemet. Der er ventetida kort og dersom ein treng berre den eine ferja kan ein lettvint innrette seg etter det. Det er småsambanda i utkantane som er nøkkelen til vitalisering av distriktet. Desse krev ikkje dei enorme investeringane og vil såleis betale seg på relativt kort tid. Det har vi gode eksempel på. Ein kan såleis styrke busettinga og næringslivet i utkantane. Lukkast ein med det vil det på sikt påverke trafikken på dei store fjordkryssingane og finansiering av forbetringar der vert lettare.

Det vert stadig hevda at ein må bygge ut byane for å legge til rette for utvikling i utkantane. Dette er med respekt å melde ei alternativ sanning. Dersom ein ikkje syter for å knyte utkantane til byane først slik Nordøyvegen er eit eksempel på, vert det som å skyte seg sjølv i foten. Om vi ikkje nyttar den unike kombinasjonen av økonomi og kunnskap vi no har til å oppgradere kommunikasjonane i utkantane for å møte framtida, då vert det å rekne som ei politisk feilvurdering som vert omtala i historiebøkene. Sentralisering kan vere bra og nødvendig på nokre område, men om vi blindt godtek at dette løyser alle problem då bur vi alle i Oslo om nokre generasjonar. Ingen ynskjer ei slik utvikling, men diverre er det altfor få som kjempar imot.

Ein politikar frå Kystpartiet, tidlegare busett i Vanylven, skreiv for ei tid sidan ein interessant artikkel om kvar i landet folket bidreg mest til økonomien. Eg tillèt meg å sitere det viktigaste:

"Det er verken fiskebankar eller fossefall i hovudstaden. Landbruk og skogbruk finst helt andre stader. Oslo har heller ikkje olje og gass, men hovudkontora er der – og dersom all administrasjon skal vere i Oslo, blir det sjølvsagt arbeidsplassar.

Om ein sjekkar hos Statistisk sentralbyrå var derimot eksportinntekta per hovud i Oslo for ni år sidan på om lag 11.000 kroner, medan ho var vel 33.000 per hovud i Nordland, og i Møre og Romsdal på heile 70.000 kroner. Ifølge professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda står berre de fire vestlandsfylka åleine for rundt 75 prosent av verdiskapinga i Norge. Eg har derfor full dekning for min fråsegn for å seie at Operaen og Holmenkollbakken vart bygd med pengar frå Vestlandet."

Vi er så heldige å ha dyktige politikarar frå fylket vårt i regjeringa. Eg skulle gjerne sett at dei sjekka desse tala, oppdaterte dei og luka ut alternative sanningar. Det ville skape tillit og då kunne vi få ein god debatt omkring temaet: By og land, hand i hand.

INGE BRINGSVOR