At det er noko på gong i fjøra ytst ute i Goksøyra fredag kveld, kan luktast fleire hundre meter ifrå. Ei grueleg ròtelukt slår mot oss i det vi nærmar oss det 7,60 meter lange kvalkadaveret, som har blitt skylt opp i fjøra. Den store han-kvalen flaut i land tidlegare i veka, og etter ein førespurnad frå Runde miljøsenter, ligg no kvalen open og ferdig obdusert. Marinbiologen Cristoph Noever frå Havforskingsinstituttet står bøygd over ei bøtte og kikar på innhaldet han har funne i magen på kvalen. Han er snar med å vise oss kva han har funne.

Null plastikk, men …

– For det første kan eg opplyse om at her ikkje er noko plastikk i magen på denne kvalen. Det er veldig positivt å sjå at det ikkje er plastikk i alle kvalar vi obduserer, slår Noever fast.

Han siktar fyrst og fremst til sjokkfunnet som blei gjort i magesekken på ein gåsenebbkval på Sotra i fjor. Denne hadde 30 plastposar inne i magen.

– Men det vi ser med denne kvalen, er framleis svært interessant. Spesielt med tanke på kva vi fann i fjor, held Cristoph fram.

I fjor sommar var han også på tur til i Herøy. Då obduserte han ein kval av akkurat same typen ved Flåvær. Han stadfestar at det er ein northern bottlenose whale – ein type nebbkval, som kan dykke ned til imponerande 1.400 – 1.500 meter og bli opp til 12 meter.

– I fjor fann eg faktisk om lag 23.000 nebb frå akkar i magen på kvalen. Det svarar til om lag fem tonn med fullvoksen akkar.

Her er ein interessant link, meiner marinibiologen.

– Denne kvalen har også store mengde med akkar-nebb i magen. Han har i alle fall ete godt før han døde, noko som kanskje indikerer at han ikkje var svært sjuk. Utan at eg vil konkludere rundt dødsårsak, forklarar Noever.

Dødsårsak, vanskeleg å seie

Noever vil som sagt ikkje spekulere i kvifor kvalen har døydd. Slik han ser det, har kvalen truleg vore død ei lengre tid før han dreiv i land, ettersom beina på kvalen var synlege. Det er såleis ingen tydleg indikasjon på akkurat kva som har skjedd.

Lærerikt

Uavhengig av dødsårsak og om at det ikkje var plastikk i magen, er Noever framleis svært entusiastisk til det han har funne i magen på kvalen.

– Det er litt finurleg. Denne kvalen er nærmast som ein forskingsassistent for meg. Han har nemleg gitt meg gode prøver som gjer at eg kan lære meir om både kvalen og akkaren.

Noever fortel at marinbiologar framleis veit relativt lite om akkaren. Han ligg lågare på prioriteringslista då han ikkje er å rekne som ein populær matrett. Noever prøvar uanssett å forske på akkaren når høvet byr seg.

– Med desse nebba kan eg for det fyrste lære om kva kvalen et. For det andre får eg lære korleis akkar-populasjonen langs norskekysten er sett saman. Eg kan også samanlikne dagens prøver med fjoråret. Då kan eg finne ut om det har vore noko endring i storleiken til akkaren, samansettinga i populasjonen og slike ting. Dette er veldig interessant, avsluttar Noever.

– Gi beskjed!

Nils-Roar Hareide skyt til slutt inn ein anbefaling om at folk gjerne må ta kontakt med Runde Miljøsenter om ein finn stranda kvalar.

– Dette er relativt sjeldne moglegheiter til å få eit innblikk i eit viktig økosystem og vi vil veldig gjerne ha beskjed. Vi har ekspertar som Cristoph som er klare for å undersøke slike tilfelle, seier Hareide.