Dette er verdas største batteripakke som skal leverast til skip og ordren gjer at Havila Kystruten kan innfri krava til utsleppsfri ferdsel i verdsarvfjordane fem år før regjeringa sin frist.

- Vi opplever stadig auke i etterspurnaden frå denne marknaden, og denne kontrakten gir oss ei god referanse og eit forsprang inn mot cruise- og passasjertrafikk, seier Administrerande Direktør i Norwegian Electric Systems, Tor Leif Mongstad, i ei pressemelding.

Dette er leveransen

Norwegian Electric Systems (NES) skal levere komplette, hybrid framdriftssystem med batteripakken Energy Storage System.  Dette er ein pakke med ein kapasitet per skip på 6.100 kilowattimar. Dette er meir enn dobbelt så mykje som dei største batteriferjene, noko som gjer kystrutene i stand til å legge til og frå kai utan utslepp. Dei kan segle nokre strekningar utsleppsfritt.

I tillegg inneheld leveransen ladeplugg for lading frå land.

Leveransen frå Norwegian Control Systems (NCS) er integrert automasjonssystem, integrert bruløysing og tankpeilesystem.

Levering skjer frå sommaren 2019 og kystruten skal vere i trafikk frå 2021.

Ordreverdi på over 300 millionar

NES og NCS (som utgjer forretningsområdet Power & Control i Havyard Group) leverer hovudsystem frå bru til propell. I tillegg er dei med i heile prosessen frå konseptutvikling via engineering og levering, til oppstart. Dette gir ein samla ordreverdi er på over 300 millionar kroner og arbeid over lang tid. Tor Leif Mongstad gleder seg over storordren og aktiviteten det skaper.

- Vi kunne levere rett teknologi til rett pris og hadde kapasitet til å kunne levere til rett tid. Det sikra oss gjennombrot i eit nytt og viktig marknad.