Det seier Lisa Leinebø Pinheiro Leinebø, ein av eldsjelene bak velgjerdsorganisasjonen Klede til Glede i Herøy. Ho og dei to andre bak tiltaket, Anita Reite Onen og Malene Wolden, får mange anonyme førespurnader frå nordmenn som treng hjelp, men som helst ikkje vil at andre skal vite om det.

– Det kan vere at det skjer noko i livet som gjer at du plutseleg må ta imot støttepengar i staden for å jobbe. Der er også dei som slit økonomisk heile livet. Vi får også inn ein del førespurnader frå åleineforeldre og heile familiar som hentar ut klede eller utstyr til ungane, seier Pinheiro.

Mange i Herøy treng hjelp

I 2018 har NAV opplevd ei kraftig auke i utbetalingar av økonomisk sosialhjelp i Herøy.

I tillegg veit vi at kommunen har motteke 37 søknadar om redusert barnehagebetaling hittil i år. Sande kommune har motteke 11 slike søknadar så langt i år.

– Familiar som har ei inntekt på under 533.500 kroner i året har rett til å søkje om redusert barnehagebetaling. Er barnet over tre år gamalt, kan det også ha rett på 20 timar gratis barnehagetid kvar veke, seier Laila Kvalsund Solhaug, leiar for barnehage i Herøy.

Ho har sett ein svak auke i nyttinga av tilbodet sidan ordninga kom i 2015.

– Eg veit ikkje om det kjem av auke i arbeidsløyse eller om det har å gjere med at fleire veit om reglementet, seier ho.

Kor mykje ein skal betale for barnehage kjem an på kor mykje familien tener.

– Ingen skal betale meir enn seks prosent av inntekta si, seier Solhaug.

Oppvekst- og kultursjef Øystein J. Johansen i Sande kommune opplyser at heller ikkje Sande har sett nokon spesifikk trend sidan oppstarten i 2015.

– Vanskeleg å ikkje strekkje til

Ifølgje Wikipeida kan fattigdom bli definert som mangel av moglegheiter til å leve eit liv som tilsvarar bestemte minimale krav. Desse krava kan vere svært ulike avhengig av tid og stad. I Noreg skal det ikkje veldig mykje til før du hamnar utanfor det sosiale fellesskapet fordi du til dømes ikkje har råd til å delta på ulike aktivitetar.

– I Noreg, og kanskje særleg i ein kommune som Herøy, er det vanskeleg å ikkje strekkje til økonomisk, for det er venta at ein skal vere med på «alt». Det er difor vi er her. Hos oss kan ein få alt frå klede til utstyr, som syklar, ski og fotballsko – ting som kostar ganske mykje. Det treng ikkje handle om at ein har dårleg råd heller, det handlar berre om at ein treng litt hjelp akkurat no, seier Pinheiro.

Klede til Glede er også ein bytestasjon.

– Vi spør ikkje og vi dømmer ikkje. Alle kan kome innom, og ingen kan sjå om du er der for å byte inn kle eller om du berre vi levere eller hente noko, seier Pinheiro.

Klede til Glede held til i kjellaren til Herøy kyrkje. Rommet er til vanleg ubetent, men held ope så lenge kyrkjekontoret er ope.

TV-aksjonen 2018

Søndag går årets TV-aksjon, «Mindre alene sammen», av stabelen over heile landet. Inntektene går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for eit varmare og meir inkluderande arbeid.

– Der er mange måtar å vere utanfor på. Frå å mangle ei seng å sove i, til å vere utanfor arbeidsliv eller sosiale fellesskap. Dette rammar ikkje berre enkeltpersonar, men gir ringverknader for heile befolkninga, heiter det om aksjonen.

– Vi skal tilby menneske, som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale, og slik bidra til at fleire får moglegheita til å oppnå eigne mål og draumar.