Herøy kommune har eit mål om å sikre pasientane sine gode pasientforhold gjennom heile løpet. Difor var store delar av staben samla i Herøy Frikyrkje for fagdagar tidlegjare denne veka. Kommunalsjef for helse og omsorg, Renathe Rossi-Kaldhol, fortel at ein slik sikrar best mogleg kunnskap.

- Ettersom vi no går over til ein litt anna måte å jobbe på, er det veldig greit å få samla alle på ein gong, slik at alle får mest mogleg lik kunnskap, seier kommunalsjefen.

Innfører sjekkliste

Den største forandringa blir at det no blir innført standardiserte sjekklister. Desse sjekklistene skal bli nytta av både dei kommunale helsetenestene og sjukehusa. På denne måten vil ein sikre betre samhandling, noko som vil gjere pasientforløpet betre som heilheit.

- Eg har tru på systemet, og trur at vi på denne måten får jobba meir systematisk. Og leiarane har stort fokus på viktigheita av å følge opp det nye systemet, seier Rossi-Kaldhol.

Lærer av dei beste

Kommunalsjefen fortel at dei sette ned eit forbetringsteam, med det mål at Herøy skal bli mest mogleg på pasientforløp.

- Vi bestemte oss tidleg for at det ville vere mest nyttig om vi kunne lære av dei beste, og vi henta difor inn Surnadal kommune, som er sett på som leiande innanfor det nye systemet. Surnadal kommune fekk også fylkesmannens omsorgspris i 2017 for sitt gode opplegg innanfor pasientforløp, seier Rossi-Kaldhol.

Onsdag denne veka var difor Margrethe Svinvik frå Surnadal kommune gjest for å snakke om Surnadal sine erfaringar. Svinvik sine syn på saka såg ut til inspirere dei frammøte.

«Kva er viktig for deg?»

Eit av dei overordna måla med samlinga er å skape ei holdningsendring i helse og omsorgssektoren. Difor ber arrangørane buttons, med teksta «kva er viktig for deg?».

- Vi vil ikkje ha det skal slik at vi spør pasientane kva som feiler dei, men heller at vi spør kva som er viktig for dei, seier kommunalsjefen engasjert.

Rossi-Kaldhol er elles oppteken av at ein må fokusere på det positive, og det å sikre trygge forhold for både innbyggjarane og dei ansatte.