– No arbeidar vi på spreng for å klare å levere dei ordrane vi allereie har, seier dagleg leiar, Roy Endre Håvik.

Då Vestlandsnytt gjestar Haugsbygda-selskapet denne veka, er aktiviteten stor.

– Akkurat no held vi på med service på to 30 fots speedsjarkar, som allereie er ferdigleverte, samtidig som vi er på innspurtssida med ein 35 fots som skal leverast snarast råd. Vi har også avtale om levering av ein speedsjark til før nyttår, seier Håvik.

Men det er ikkje berre speedsjarkar som står i ordreboka.

– I tillegg til speedsjarkane, leverer vi vanlege sjarkar og andre typar båtar, so vi har eigentleg for mykje å gjere, seier den daglege leiaren.

Gjer det meste sjølve

Ein av grunnane til at ordreboka til Proas fort blir full, er at dei gjer det meste sjølve, noko som tek litt ekstra tid.

– På sjarken som er til ferdigstilling no er det vel berre vindauga vi ikkje har produsert sjølve. Elles gjer vi alt, med unntak av elektroarbeidet, som vi leiger inn elektrikarar til, seier Håvik.

Han fortel at dei har prøvd å få tak i meir arbeidskraft, men at det ikkje er enkelt.

– Vi gjer sopass mykje forskjellig her at det vil ta tid å gi ei god opplæring. Det krev også ein kompetanse som ikkje veldig mange har. Vi treng difor folk som blir verande i Proas over lengre tid, seier Håvik.

Ofte dei som driv «på sida»

Håvik fortel at dei leverer mange «treige» sjarkar også, og at det er mest yrkesfiskarar som har sjarkfisket som ei binæring som spør etter speedsjarkar.

– Dei som driv på fulltid kjøper gjerne heilt vanlege sjarkar, medan dei som fiskar «på sida» ofte vel speedsjarkar, seier han.

Nytt regelverk

– Kvifor har speedsjark-salet teke av akkurat no, Håvik?

– Hovudgrunnen er nok det nye regelverket for fiskefartøy under 15 meter som kom i 2014, men for alvor tek til å gjelde no. Dette regelverket stiller strengare krav til kva stand båtane er i. Ein kan sjå på det som båtane sin versjon av bilane sin EU-kontroll. Då det ofte kostar ein del å få dei gamle båtane godkjende, vel mange å kjøpe ein ny i staden, noko vi merkar i ordreboka vår, svarar Håvik.