Denne meldinga tikka inn på e-post-kontoen til dagleg leiar Karl Petter Sortehaug ved Sunnmørsbadet onsdag ettermiddag.

– Det var veldig pussig og veldig kjekt, seier han.

Kåringa betyr inkje mindre enn at selskapet er ei av Noregs mest framgangsrike bedrifter. Gasellane vil, i løpet av 2018, bli presenterte i Dagens Næringsliv. I tillegg vil det bli kåra ein nasjonal vinnar og vinnarar i alle landets fylke.

Kriteria

DN Gasellene for 2018 vart kåra på grunnlag av årsrapporten for 2017. For å bli gaselle må bedrifta ha:

• levert godkjende rekneskapar.

• minst dobla omsetninga over fire år.

• positivt samla driftsresultat.

• unngått negativ vekst.

• vore aksjeselskap.

Konsern, holdingselskap, offentleg finansierte verksemder og finansselskap kan ikkje bli gasellar.

Ikkje vanleg for badeland

Dei fleste badeanlegg er kommunalt drifta eller subsidierte. Sunnmørsbadet er på si side heilprivat. Med andre ord har bedrifta stort sett seg sjølv å takke for suksessen.

– Vi har eit godt konsept og held oppe kvar dag heile året unntatt 17. mai. Vi bruker dessutan masse tid og energi på å jobbe med ungar, for vi veit at det er dei som avgjer kor foreldra skal bruke pengar. Og så har vi «verdas beste» tilsette, som alle er godt utdanna, seier Sortehaug.

God marknadsføring

Marknadsføring er sjølvsagt alfa omega om ein skal lukkast med eit opplevingstilbod.

– Vi har heilt klart hatt ein god marknadsføringskampanje sørover, som har slått spesielt godt ut i Nordfjord, Måløy og Sogn. Det heng saman med at vi utnyttar Kvivsvegen. Eg besøker reiselivsbedrifter og campingplassar og sel badeland, seier Sortehaug.

Då hjelper det naturlegvis at Sunnmørsbadet har eit godt samarbeid med Thon Hotel Fosnavåg, der tilreisande kan kjøpe «familie-badepakkar».

– Då får dei bading, overnatting og frukost til ein god pris. Eg trur vi er eit føretrekt arrangement for barnefamiliar, seier Karl Petter Sortehaug.

Re­gi­ne Her­man­sen Sand­haug, Ma­ri­an­ne Ham­me­rø, Jakob Ner­land og Ing­rid Ris­te­sund. Foto: Josefine Spiro/arkivfoto