Det tidlegare amerikanske presidentparet, Rosalynn og Jimmy Carter, var om bord på hurtigruteskipet «Richard With då det la til kai i Torvika ein maidag for nesten 25 år sidan. Dei ferierte i Norge og hadde valt å reise med hurtigruta frå Bergen til Molde. Derifrå tok dei fly til Oslo for å oppleve 17. mai-feiringa i hovudstaden.

Då hurtigruta la til kai i Torvika, hadde mange møtt fram i von om å få eit glimt av ekspresidenten og kona hans om bord i hurtigruta. Dei to hadde ikkje planar om å gå i land i Torvika, men dei ombestemte seg då dei såg alle barna som hadde møtt opp med norske flagg. Barna kom frå Troll-lia barnehage på Frøystad og var der saman med Ann Kathrin Myklebust og Anett Mari Hodneland Tarberg som begge arbeidde i barnehagen. Straks barna fekk auge på Jimmy Carter som stod ved rekkja, byrja dei å syngje ein song dei nettopp hadde dikta: «Hello, Jimmy Carter. Hello, Jimmy Carter. Welcome to Norway. Hello, Jimmy Carter».

Det tok ikkje lange stunda før Rosalynn og Jimmy Carter og livvaktene deira frå Secret Service stod på kaia saman med gjengen frå Troll-lia. Carter var svært interessert i å få vite litt om staden og distriktet han no var komen til. Ann Katrin og Anett Mari fortalde mellom anna om båtar, bruer og kva folk levde av her. Carter følgde interessert med. Den tidlegare peanøttbonden lurte på korleis det gjekk an å «overleve» her når det var fiskeri som var hovudnæringa.

Rosalynn og Jimmy Carter fortalde at dei hadde hatt ein strålande tur frå Bergen på eit flott skip, og at den spesielle naturen på Vestlandet hadde gjort eit sterkt inntrykk på dei. – Norge er eit vakkert land, og så er norsk mat så fantastisk god, meinte Carter.

Anett Mari hugsar spesielt to ting frå dette korte «møtet» ved Herøyterminalen. – Eg la merke til at Jimmy Carter hadde så snille og gode auge, og han verka så raus og menneskeleg, seier ho. Anett Mari kjem heilt sikkert til å hugse resten av livet det som hende då ho skulle ta fram fotoapparatet frå anorakk-lomma si for å ta eit bilete av den tidlegare presidenten og førstedama. – Plutseleg kjende eg at nokon tok eit fast grep i armen min. Det var ei av livvaktene som ville sjekk kva eg heldt i handa. Det gjekk heldigvis bra, fortel Anett Mari – men legg til at ho fekk seg ein skikkeleg kipp. – Eg hadde litt hjertebank resten av dagen, fortel ho.

Åse Bergsnev Kvalsund frå Røyra var også på Herøyterminalen denne dagen. I 1977 sende ho julekort til Carter som då hadde sete i presidentstolen eit års tid. I februar året etter fekk ho eit takkebrev frå Det kvite hus. I konvolutten var også eit bilete av Jimmy Carter. Åse tok med seg brev og bilete til Herøyterminalen og viste det til den tidlegare USA-presidenten. Han skreiv så autografen sin på biletet, og Rosalynn kom så bort til Åse og skreiv autografen sin på konvolutten som Åse hadde fått frå Det kvite hus. – Kjekt å ha eit slikt fint minne, seier Åse i dag, og ho er glad for at ho bad om å få dei to autografane denne vårdagen i 1994 då Rosalynn og Jimmy Carter svippa innom Torvika.