– Dette er ei veldig spennande satsing, som gir gode moglegheiter. I mine auge er dette strategisk klokt i forhold til landet og regionen. Samtidig er satsinga tidsriktig, spennande og tøff.

Slik opnar Günther Dahler samtalen då vi møter han og Hege Sævik Rabben i Havila sitt hovudkvarter denne veka. Dahler er nytilsett dagleg leiar i ei spennande nysatsing frå familien Sævik. Havila Holding styrkar nemleg si reiselivssatsing. No startar dei hotellselskap.

Strukturering

– Fyrst og fremst er dette ei formell strukturering av dei hotella som vi allereie eig. Samtidig ligg det i korta at vi riggar selskapet for vidare vekst, seier styreleiar Hege Sævik Rabben.

Nyheita kjem vel truleg ikkje som noko overrasking. Havila Holding har i dei siste åra vist interesse for hotellbransjen og har allereie 100 prosent eigarskap i Hotel Ivar Aasen i Ørsta og Hotel Raftevold i Hornindal. Begge hotell er no organiserte under selskapet, som har fått namnet Havila Hotels. Det vert i tillegg vurdert å legge inn 45 prosent eigarskap i Fosnavåg Vekst, som er selskapet bak Thon Hotel Fosnavåg.

Sævik familien har også hotellinvestering i Tórshavn på Færøyane. Denne blir derimot framleis liggande under Havila Holding. Her er dei medeigar i Smyril Line som eig Hotel Hafnia og er i gong med å bygge endå eit hotell.

– Gode synergiar

Sjølve grunnpilaren i selskapet skal ifølgje Dahler og Rabben vere godt samarbeid. Dei ser dette som vitalt om Sunnmøre skal klare å tilby ein pakke som kan konkurrere med alle dei andre reiselivsområda i Noreg.

– Som hotellselskap blir det viktig for oss å fokusere på samarbeid og skape gode synergiar i regionen. Turistar ser ikkje på kommunegrenser, men på opplevingane og tilbodet i sin heilskap. Då kan vi ikkje sitje på kvar vår tue. Eg håpar vi kan vere ein naturleg brubyggar mellom alle dei unike opplevingane vi har i regionen, seier Dahler.

Rabben er heilt einig og peikar på korleis Hotell Ivar Aasen har tatt viktige steg i denne retninga.

– Vi har klart å knyte hotellet endå tettare opp mot lokalsamfunnet. Vi ser også ein trend av at det blir færre bussturistar, og fleire tilreisande som kjem for lengre opphald, legg ho til.

Heilårsturisme er også eit viktig stikkord. Dei har lyst til å marknadsføre alle årssesongane på Sunnmøre.

– Vi sparkar nok litt i grusen når ruskevêret herjar, men dette er faktisk eksotisk for mange, dette må vi utnytte, smiler Dahler.

Ei kystlinje av moglegheiter

I fyrste omgang vil hotellselskapet satse i regionen, men ein skal ikkje sjå vekk ifrå at selskapet vil leite etter endå betre fotfeste etter kvart.

– Fyrst blir det naturleg å sjå på potensial i vår akse, og få eit godt fotfeste på Sunnmøre. Etter kvart som kystruta kjem i gang, blir det kanskje også ønskeleg å synleggjere oss utanfor regionen. Den gir os ei kystlinje av moglegheiter, forklarar Rabben.

Framoverlent

Dei to skryt til slutt også av kommunane som dei allereie er etablerte i, og påpeikar viktigheita av å vere framoverlent i ei tid der fleire vel å satse på akkurat reiseliv. Ved å satse på reiseliv og god infrastruktur sikrar ein at både lokalbefolkninga og reiselivsbedrifter kan nyte godt av ein stadig aukande turiststraum, heiter det frå leiarane i Havila Hotels.