Dei ekstraordinære gåvetildelingane skjer som ein del av Sparebanken Møre sitt 175-årsjubileum. Gåvene skal gå til «gode formål».

Sparebanken Møre sine røter går tilbake til etableringa av Herrøe og Røvde Sognes Sparebank i 1843. I alle desse åra har sterk lokal tilhøyrsle vore sjølve grunnmuren i banken si verksemd, og i dag har Sparebanken Møre kontor i 24 av kommunane i Møre og Romsdal.

Takkar for tilliten

Rundt midten av 1800-talet vaks det fram sparebankar over heile landet. Felles for fleire var at oppstartskapitalen kom frå sal av såkornmagasin, som bøndene hadde hatt som reservelager for dårlege år. Etter kvart som bankane fekk overskot, gjekk dette tilbake til bankane for å bygge opp kapitalen.

– Den dag i dag utgjer desse midlane halvparten av eigenkapitalen, noko som betyr at det er lokalsamfunna der banken held til som eig halvparten av Sparebanken Møre, seier banksjefane Kjell Ove Vasstrand i Sande og Per Ronald Knutsen i Herøy i høve den komande ekstraordinære gåvetildelinga.

Samtidig etablerte bankane ein tradisjon med å gi deler av overskotet i utbytte i form av gåver til gode formål i lokalsamfunnet. I dag går halvparten av utbyttet i Sparebanken Møre til lokalsamfunnet her vi høyrer til.

– I høve 175-årsjubileet ønskjer vi å takke for tilliten ved å gi noko ekstra tilbake til røtene våre. Derfor har vi vedteke å gi ei eiga jubileumsgåve på 175.000 kroner til eit godt formål i kvar av dei 24 kommunane. Det vert opplevd svært meiningsfullt å kunne vere en betydeleg bidragsytar, ei drivande kraft og ein medspelar i utviklinga av det samfunnet vi er ein del av, seier banksjef Per Ronald Knutsen.

Kven kan få jubileumsgåva?

Banken ber no om hjelp til å finne gode prosjekt som utgjer ein forskjell i dei ulike kommunane. Meir informasjon og forslagsskjema finst på banken sine nettsider sbm.no, og nominasjonsperioden varer til 25. oktober.

– Vi veit at det finst svært mange gode tankar, idear og prosjekt der ute, og vi gler oss til å lese forslaga som kjem inn. Kriteria er at gåva skal gå til eit prosjekt som kjem mange til gode, og ho skal bidra til at Herøy og Sande blir endå betre kommunar å bu og leve i, seier banksjef Kjell Ove Vasstrand.

Banksjefane skal saman med ein lokal jury vurdere alle forslag som kjem inn – og endeleg avgjere kva prosjekt som skal realiserast ved hjelp av jubileumsgåva frå Sparebanken Møre. Vinnaren i kvar kommune blir offentleggjort i november/desember.

Juryane

Følgjande personar representerer juryane

Herøy: Arnulf Goksøyr, Brit Paulsen, Karoline Velsvik Sivertsen, Asbjørn Johan Myklebust, Solfrid Hagemann og Per Ronald Knutsen.

Sande: Dag Vaagen, Gjertrud Vik, Christina Skarmyr Beitveit, Sindre Slettestøl, Brit Synnøve Bringsvor Våge og Dag Vaagen.