LGFK er godt på veg klare for ein ny sesong i 4. divisjon etter å ha slått SIF/Hessa med 1–0 i Ålesund torsdag kveld. Heimvende Oskar Hammer Gunnarstein avgjorde med kampens einaste scoring, etter ein dødball.

– Godt gjennomført

Trenar Anders Vaagen var før kampen klar på at SIF/Hessa er eit lag Larsnes/Gursken so absolutt burde kunne hamle opp med. Og kampen gjekk etter Vaagens plan.

– Det er ein jamn kamp, der SIF/Hessa kanskje spelar litt meir enn oss. Men det er eigentleg etter planen, og for oss er det ein godt gjennomført kamp. Vi er solide bakover, og utover i kampen klarar vi å skape nok sjansar til at vi får målet vi treng, seier Vaagen etter kampen.

LGFK stilte eit særs ungt lag torsdag, med blant anna fem spelarar under 20 år. Alle dei gjennomførte etter rapportane ein god kamp.

Inne på seierssporet

Larsnes/Gursken følgde dermed opp sigeren over Ørsta sist, med ein ny siger mot SIF/Hessa. Dermed kan det sjå ut som at LGFK har funne haustforma. I neste kamp som går torsdag kveld, skal sandssokningane ut på ny tur, og møte Valder på Valderøya. Også Valder har funne forma i det siste, utan at Anders Vaagen bryr seg spesielt mykje om det.

– No er det to kampar att, og vi kan fort vinne dei også. Det er mot lag på vårt eige nivå, so vi vel å berre køyre på vidare også, seier den spelande trenaren.

Ny kontrakt i boks?

Ettersom Valder slo FK Sykkylven i ein annan kamp torsdag kveld, er det no klart at FK Sykkylven og Godøy rykkjer ned i 5. divisjon. Og ettersom både Herd og Spjelkavik tok viktige sigrar i 3. divisjon onsdag ettermiddag, går det mot at det berre blir to nedrykksplassar i 4. divisjon i år. Men Vaagen vil ikkje seie at dei er sikre før dei er heilt sikre.

– Sjølv om det ser veldig trygt ut no, må vi jobbe på til det ikkje lenger er matematisk mogleg at vi går ned. Det er viktig at vi får halde fram i den divisjonen vi er i no, avsluttar Vaagen.