Bergsøy slo til i ruskevêret mot på Godøya på bortebane i førre veke. Samtidig slo Rollon til med 1–0 siger over topprival AaFK 2. Dette har gjort situasjonen i 4.-divisjon ekstra spennande då Bergsøy og AaFK 2 har 45 poeng kvar. Bylaget er berre er framfor på betre målskilnad.

Stolt trenar

Bergsøy-trenaren, Toni Sandanger, ser spent på situasjonen. Han er stolt av kva mannskapet hans har klart å prestere.

– Dette er vanvitig rått. Slik situasjonen er no, kan absolutt alt skje. Det er det som er so kjekt med fotballen. Eg er utruleg stolt over gutane for den prestasjonen dei gjer. Så langt har dei levert ein sterk haustsesong, skryt han.

Han meiner faktisk det er Bergsøy som har levert den sterkaste hausten av topprivalane, og peikar på at dei faktisk har tatt eit poeng meir enn AaFK 2 denne sesongen.

– Stemninga rundt og i laget er knallbra. Den er utvilsamt også nervøs, men det er ikkje rart. Det er rett og slett herleg.

Vinnarsuget på plass

Siger er det einaste som går i hovudet på Sandanger i desse dagane.

– Eg har sagt det før, det ikkje er noko katastrofe om vi ikkje rykker opp. Alt til sin tid. Men som person, hatar eg å tape. Det er også ein mentalitet eg har prøvt å arbeide inn i laget i mi tid som trenar. Du skal kjenne vinnarsuget og hate å tape. Eg trur vi har gått eit steg i riktig retning her.

Korta tett til brystet

I kveld tek Bergsøy imot Hareid heime. Samtidig tek AaFK 2 i mot Godøy på Color Line Stadion.

– Det blir ein knalltøff kamp. Hareid er utvilsamt svoltne og treng kvart einaste poeng dei kan få. Derfor håpar eg at folk no møter opp på stadion, og støttar oss, i det som blir ein særs spanande kamp, seier Sandanger.

Når det kjem til taktikken er Toni Sandanger taus.

– Men eg vil forsikre om at eg er 100 prosent fokusert på korleis vi skal prestere sterkast mogleg i dei siste kampane, avsluttar Sandanger.