– Ein treng ikkje å «deppe» over at framlegget til statsbudsjettet ikkje inneheld konkrete løyvingar til prosjektet. Stad skipstunnel er frå før tungt inne i Nasjonal Transportplan, og det skal veldig mykje gale skje om ikkje prosjektet vert realisert, seier Gjelseth.

Han er medlem av styringsgruppa for den planlagde skipstunnelen.

– Dale er positiv

Han var til stades då framlegget til statsbudsjett vart presentert i Molde måndag. Her fekk den mangeårige forkjemparen for Stad skipstunnel høve til å snakke med samferdselsminister Jon Georg Dale om saka.

– Signala er gode. Dale er tydeleg på at Stad skipstunnel ikkje er eit prosjekt som skal gå i gløymeboka. Prosjektet har allereie kome veldig langt, og eg er trygg på at Dale og Frp også framover vil vere like store pådrivarar for skipstunnelen som dei har vore, seier han.

Håpar KrF fiksar ei løyving

Gjelseth har likevel eit godt håp om ei løyving i statsbudsjettet til skipstunnelen.

– Kystverket signaliserer at det trengs 30 millionar kroner til å «berede grunnen» til arbeid som må gjerast før oppstartsløyvinga kjem. Konkret gjeld det fem grunneigarar i Kjødepollen som må avgje grunn, seier Gjelseth.

– Her er KrF sentrale?

– Det stemmer, og er det eit parti som verkeleg har jobba for Stad skipstunnel, så er det KrF. Dei er i ein vippeposisjon på Stortinget uansett kva som skjer den komande tida, og eg har tru på at KrF vil bidra til ei 2019-løyving til skipstunnelen.

Svein Gjelseth seier det er forståeleg at regjeringa treng eit lite pusterom til å rekne på skipstunnelen igjen, etter KS2-rapporten som synte ein kostnadsauke frå 2,7 til 3,7 mrd kr. Ein prislapp som i fylgje Gjelseth har potensiale til å bli vesentleg redusert.

– Men eg finn det uforståeleg at KS2 har tekevekk den planlagde snøggbåten, og effektane her, frå det store bildet rundt skipstunnelen. Dessutan ligg det her fantastiske moglegheiter i opplevingar og reiseliv. Eg har sett i media at Havila Kystruten meiner tunnelen vil gje vår del av landet eit opplevingsmessig kjempelkyft og masse nye moglegheiter. Her er eg heilt samd. Stad skipstunnel vil verte ein kystattraksjon på linje med Trollfjorden, Lofoten og Nordkapp, seier Svein Gjelseth.