Det er også med spelarar frå Moltustranda på laget, og desse har vore i Bergsøy i ei årrekkje.

Laget består av jenter i alderen 15 til 27 år, men dei fleste er frå 16 år til 18 år, så det er eit svært ungt lag til å stille i seniorklassa. Men Sunnmøre Fotballkrets har ikkje tilbod for junior-jenter i år.

Trenar for laget er den tidlegare toppseriekeeperen Synne Dale Ryan frå Fosnavåg, og dei trenar vekselvis i Tjørvåg og på Bergsøy, sjølv om det i det sure vêret som har vore siste vekene har vorte mest trening i Fiskarhallen på Bergsøy stadion.

Vi er per i dag 22 jenter på «blokka», og dei er på jamna 16–18 stk. på trening, noko som er svært bra!

Laget spelar kampane sine i 4. divisjon, i pulje med blant andre Hødd 2, Ørsta og lag frå Ålesund-regionen.

Under vårsesongen hadde laget Tjørvåg stadion som heimearena, medan dei i haust har spela heimekampane sine på Havila stadion.

Veldig gode i haust!

Vårsesongen var so som so, med berre ein siger, og til dels store tap. Utover våren og gjennom sommaren har laget trent godt, og det har vore godt oppmøte på alle treningane, noko som har gitt resultat.

Haustsesongen har vore svært bra for jentene, med siger mot Valder, Ørsta og MSIL, tap mot Herd, og knepne tap mot dei to opprykkslaga; Hødd og Aksla. Laget har att heimekamp mot Stordal 18. oktober og borte mot Stranda/Sunnylven 25. oktober.

Om alle held fram til neste sesong, og vi får trent godt gjennom vinteren, så vil nok dette laget etter kvart bite godt ifrå seg.