I førre veke kunne Bente Krumsvik Hide og Trond Hide opne dørene for sitt heilt nye produksjonslokale på Bøen Gard. Gardsbruket som ligg på Hide i Gjerdsvika driv, i tillegg til det konvensjonelle dyrehaldet på garden, to tilleggsnæringar.

Størstedelen av garden si omsetting kjem av at dei er ein «Inn på tunet»-gard. Det vil seie at dei tilbyr eit dagtilbod til psykisk utviklingshemma, arbeidstrening via NAV, rus/psykiatri, oppdrag frå barnevernet, avlastning i helgar for ulike brukargrupper samt andre spesielt tilpassa tilbod.

Gardsmat-satsing

Men det nye produksjonslokale er fyrst og fremst mynta på tilleggsnæring nummer to.

– Vi har etter kvart byrja å selje sjølvprodusert mat. Dette produksjonslokalet er ei naturleg utviding av denne gardsmat-satsinga. Her vil vi drive med småskalaproduksjon av gardsmat. Vi har eit mål om å halde fram med å utvide denne tilleggsnæringa for å få fleire bein å stå på, fortel Bente.

På garden har dei to gardbrukarane 150 vinterfora sauer. Tidlegare har Bente og Trond sendt dyra til slakt, men no har dei bestemt seg for å ta tilbake nokre av skrottane for å få utnytta mest mogleg av det sauen har å tilby.

– Vi har ganske enkelt gjort om ein gamal kufjøs til eit produksjonsrom etter Mattilsynet sine forskrifter, forklarar Bente.

Ekspertundervising

I tillegg til å fått på plass naudsynt utstyr, har dei to lært seg korleis ein skal partere.

– Vi har hatt besøk av Odd Høiås, dagleg leiar i Foodcare Norge AS. Han har lært oss korleis ein handterer kjøtet og parterer det på ein riktig måte.

Takkar kommunen

Satsinga er gjort mogleg gjennom støtte frå både Sande kommune og Innovasjon Norge.

– Vi er veldig takksame for å ha fått støtte via næringsfondet i Sande og fått bedriftsutviklingsmidlar frå Innovasjon Norge, seier Hide.

Julemarknadsprodukt

Det parterte kjøttet som produserast på garden, skal no saltast og henge fram mot jul. Fyrst når adventstida bankar på døra, skal matprodukta seljast.

– I starten av advent kjem vi til å invitere til open gard. Her vil vi mellom anna selje julemat vi har laga sjølv. Kall det gjerne ein julemarknad, avsluttar Bente.