Gjennom prosjektet «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal» etterlyser no Møre og Romsdal fylkeskommune prosjekt som vil utvikle, etablere og kommersialisere nye, komplette opplevingstilbod der reiseliv, mat og kultur utgjer ingrediensane.

Dei som vil vere med på prosjektet må ha idear og drivkraft for sitt prosjekt, samt aktørane som skal til for å produsere magiske augeblikk. Til gjengjeld vil Innovasjon Norge stille med kompetanse, midlar og program for inntil tre nettverksprosjekt.

Vil auke verdien av Møre og Romsdal som reisemål

Målet med prosjektet er ikkje berre å gjere Møre og Romsdal til Noregs beste opplevingsregion, men også sette fokus på verdien av kultur og mat som ein ressurs for eit godt opplevingstilbod. På denne måten vil ein auke verdiskapinga i både opplevingsnæringa, og mat- og kulturnæringane. Målet med prosjektet er å auke innteninga blant alle involverte, samtidig som det vil gjere fylket meir attraktivt som reisemål. Ein søkjer no altso etter dei som kan utvikle totale opplevingstilbod. Vona er at når ein tilbyr eit meir samansett tilbod at fleire folk vil ta turen til Møre og Romsdal.

Robert Voldnes lokal kontakt

Seniorrådgjevar hjå Ålesund kunnskapspark, Robert Voldnes, er lokal kontaktperson for prosjektet. Han omtalar prosjektet som spanande.

– Dette med reiseliv er i vinden no, og det er spanande å vere med å utvikle produkt som kan gjere distriktet vårt meir attraktivt, seier Voldnes til Vestlandsnytt.

Han oppmodar alle som har spørsmål til prosjektet om å ta kontakt med han. Han minner også om at han som hoppid-kontakt tek imot førespurnader frå alle som vil etablere bedrift.

Søknadsfristen er 15. november, og interesserte kan elles lese meir om prosjektet på heimesidene til fylket.