På Løsetstranda like nord for Hidsneset finn vi dei særmerkte gravrøysene. Saman med røysene på søraustpynten av Kvamsøya er det dei mest synlege og iaugnefallande gravrøysene frå farne tider vi finn her i distriktet.

No har nokon med tilgang til ei hagle hatt «moro» med å skyte på skiltet ved Løsetstranda. Eit elles flott informasjonsskilt frå fylkeskommunen med informasjon på fleire språk om dei spesielle røysene.

– Det er skikkeleg trist å sjå at attraksjonen er utsett for hærverk, kommenterer Ingar Warholm. Ein kan saktens spørje seg kven som har glede av å bruke skytevåpen for å øydelegge på denne måten.