Det slår innkjøpssjef Margrethe Stølan Steinsvik fast i ei vurdering av Herøy kommune sine alternativ til å delta i samarbeid om innkjøp av skulebøker. 36 av 37 kommunar har valt å takke ja til å vere med på innkjøpsavtalen som Ålesund kommune har forhandla fram.

Herøy kommune kan tiltre den same avtalen frå april 2019, men politisk er det eit klart ønskje om at Vestvang Bokhandel i Fosnavåg skal halde fram med å vere kommunen sin leverandør av skulemateriell.

Rådmannen har difor bede om å få problemstillinga juridisk vurdert.

Årlege innkjøp

Ifylgje innkjøpssjefen finst det alternativ til å vere med på avtalen, mellom anna med å gjere innkjøp for eitt år om gongen og på den måten kome under beløpsterskelen i lov om offentlege innkjøp. Denne terskelen er i dag på 1,3 millionar kroner, men også for innkjøp under denne grensa er prinsippet om konkurranse gjeldande.

Årlege innkjøp vil vere ein særs ressurs- og tidkrevjande prosess, og kommunen kan risikere å bli klaga inn til KOFA og få straffegebyr for direkte ulovleg anskaffing, slår innkjøpssjefen fast. Det er nemleg enkelt å trekke den sluttinga at oppdelinga er gjort for unngå regelverket.

Innkjøp skule for skule

Eit anna forenklingsgrep i revideringa av regelverket var at innkjøp under 100.000 kroner vart unnateke både lova og regelverket.

Skal dette alternativet nyttast må kommunen gå vekk frå rammeavtale for alle skulane, og i staden innføre ei ordning der skulane blir sjølvstendige driftseiningar som er ansvarlege for kvar sine innkjøp.

På den måten vil ein del av Herøy-skulane kome under beløpsgrensa. Innkjøpssjefen slår fast at ei slik omlegging strir mot organiseringa i Herøy kommune, der ein i stor grad ser på Herøy-skulen under eitt, med dei funksjonane det er naturleg å sentralisere. Det gjeld også på innkjøp.

Stølan Steinsvik viser til at ei slik desentralisert innkjøpsordning for skulebøker, utan ein felles rammeavtale, også må gjelde alle fag- og produktområde. Dette vil ikkje vere i tråd med dagens organisering av kommunen, og truleg heller ikkje i tråd med regelverket.