Måndag la regjeringa fram statsbudsjettet for 2019. For den maritime sektoren blei det ei vidareføring av den eksisterande politikken, i staden for dei nye satsingane mange hadde trudd ville kome.

– Statsbudsjettet 2019 vidarefører mykje bra maritim politikk, men det representerer ikkje nokon nye satsingar for skipsfarten eller maritim næring. Det er ein vidareføring av eksisterande politikk, men utan nokon nye tiltak av betydning. Difor blir det store gap mellom kva regjeringa seier, at Noreg skal bli best på hav, og kva tiltak dei brukar store pengar på, seier dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd, i ei pressemelding.

Statsbudsjettet halverer Stortingets vedtak om satsing på overføring av gods frå veg til sjø, det er ingen auka rammer i MAROFF eller DemoHav, og det er ingen satsing på infrastrukturtiltak for grøn skipsfart, heiter det i pressemeldinga.

For små tiltak for å realisere potensial

Regjeringa vil på nytt auke bevillinga til næringsretta forsking og innovasjon. Den noverande regjeringa har dobla satstinga på forsking og innovasjon i næringslivet sidan regjeringsskiftet i 2013.

– Dette er sjølvsagt svært positivt, men problemet er at auka i lita grad kjem maritim næring til gode. Ingen av dei næringsretta FOU-programma DEMO HAV eller MAROFF får auka budsjettrammer av betydning gjennom statsbudsjettet for 2019. Men at Skattefunn og Enova fortsett sine satsingar er sjølvsagt positivt, seier Ingjerd.

I pressemeldinga står det vidare at næringsminister, Torbjørn Røe Isaksen, skriv i ein pressemelding at regjeringa satsar stort på havet, men når det gjeld konkrete tiltak er det snakk om mindre beløp innanfor skipsfart og maritim næring. Det er framleis ikkje samsvar mellom ord og handling i regjeringas satsing på maritim næring.

– Regjeringa seier dei riktige tinga om si havromsatsing, men tiltaka som blir sett i verk er for små til at vi kan realisere potensial til auka verdiskaping og nye produktive arbeidsplassar, seier Ingjerd.

– Sjøtransporten ikkje tilstrekkeleg prioritert

I Maritimt Forum meiner ein at regjeringa kunne ha gjort meir for å styrke sjøfartens konkurranseevne mot vegtransporten.

– Regjeringa viser litt vilje, men i Maritim Forum meiner vi at det er eit sprik mellom mål og tiltak i budsjettforslaget. Sjøtransporten blir ikkje tilstrekkeleg prioritert, seier Ingjerd.

I regjeringa sitt forslag blir det sett av 77,4 millionar kroner til tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til sjø, og 10,9 millionar kroner til tilskotsordninga for hamnesamarbeid. Vidare blir det føreslått 50 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for investeringar i effektive og miljøvennlege hamner.

– Det er sjølvsagt positivt, men vi kunne fått ei raskare omlegging frå veg til sjø med større bevillingar. Det blir litt for smått med støtte til eit formål som alle er einige om vil gi oss mindre utslepp, færre ulykker og betre miljø, seier Ingjerd vidare.

Fjernar ikkje CO₂-avgifta på LNG

Regjeringa føreslår å vidareføre fjerninga av fritaket frå CO₂-avgifta på LNG (flytande naturgass). Det bidreg til å auke utsleppa av CO₂, NOx, svovel og partiklar.

– Regjeringa viser vilje til grøn omstilling på mange område. Difor er det ei paradoks at CO₂-avgifta på LNG består. I verste fall vel reiarlag diesel framfor det meir miljøvennlege LNG-alternativet på sine nybygg, seier Ingjerd.

I budsjettet er det føreslått å prisjustere CO₂-avgifta på naturgass og LPG. Maritimt forum meiner det er uheldig at ikkje skipsfart i norske farvatn blir nemnt blant næringsområda som givast fritak. LNG representerer det viktigaste lavutsleppsalternativet, fram til vi har på plass modne, fullskala nullutsleppsløysingar som hydrogen og batteri.

Vidarefører grunnleggande maritime rammevilkår

Sjølv om norsk økonomi erfarer god vekst, og arbeidsløysa er på veg ned, er det framleis krevjande tider for enkelte delar av maritim næring. 2018 vil truleg bli det mest krevjande året for offshorenæringa nokon gong.

– Det er heilt avgjerande for maritim næring at sentrale rammevilkår blir verande føreseielege og stabile. Difor helser vi i Maritimt Forum velkomen regjeringas vidareføring av sentrale rammevilkår som refusjonsordninga for norske sjøfolk, og rederiskatteordninga. Dette er viktig for norske arbeidsplassar, og for innovasjon og nyskaping i den maritime næringa, heiter det i pressemeldinga.

Mindre formuesskatt

Vidare står det at det er positivt at regjeringa vil auke aksjerabatten i formuesskatten frå 20 til 25 %, sjølv om ein helst hadde sett at formuesskatten hadde blitt fjerna i si heilskap. Når aksjerabatten aukar, senkast skatten på sokalla arbeidande kapital. I tillegg aukar botnfrådraget. Til saman vil auka aksjerabatt og auka botnfrådrag medføre ein reduksjon i formuesskatten på 690 millionar.

Vil reinse verdshava

Regjeringa legg inn 400 millionar kroner ekstra til arbeidet med å reinse verdshava for plastavfall. Samtidig blir Grønt Kystfartsprogram tilgodesett med 7 millionar kroner.