På forslaget til statsbudsjettet, som blei lagt fram denne veka, har Runde miljøsenter fått tildelt ein pott på 3,2 millionar kroner. Det er spesielt KRF og Venstre som har jobba fram denne løyvinga

– Det er veldig bra for oss. Dette er pengar som gjer at vi kan halde fram med å legge til rette for at Runde skal bli eit endå meir lukrativt pilotområde for forskingsprosjekt og forskarar, Nils-Roar Hareide.

Sjøfugl og hav

Den daglege leiaren ved miljøsenteret er også klar på at det med ei slik løyving, følgjer ansvar.

– Vi får med dette ei viktig nasjonal oppgåve om å svare på viktige spørsmål kring kystøkologien. Dette har vi jobba med dei siste åra, og dette er såleis ei anerkjenning for det arbeidet vi gjer.

Meir spesifikt skal midlane bli brukt til vidare forsking på samanhengen mellom sjøfuglbestandane og det som går føre seg i havet. Eit døme på slik kunnskap er forskingsprosjekta Hareide og kollegaane driv med når det kjem til fiskearten sil, også kjent som tobis. Tobis er ein fisk som er svært rik på næring. Derfor spelar han ei rolle som viktig føde for både torsk, sei og sjøfugl, spesielt i tida før silda kjem sørover.

– Sil er faktisk ein av dei viktigaste fødeartane for dei fleste sjøfuglane i Noreg, forklarar Hareide.

Dei samarbeider også med NTNU, havforskingsinstituttet og Norsk institutt for naturforsking på dette feltet.

Unikt område

Hareide meiner elles at Runde er eit framifrå område å drive med denne typen forsking.

– Vi sit no på ein infrastruktur som er gull verdt for forsking. Spesielt vil eg trekke fram dei marine grunnkarta som eit eksempel. Slike detaljert dokumentasjon av eit havområdet er ganske unikt, forklarar han.

Som om det ikkje var nok, er her mykje fleire faktorar som gjer området attraktivt for forskarar. Fuglefjellet, kystfiskebestandane og ikkje minst den lokale kunnskapen, blir trekt fram av Hareide. Saman utgjer dette essensen av gode forskingsforhold.

– Løyvinga gjer det mogleg for oss å halde fram med å utvikle denne «forskingsinfrastrukturen», avsluttar Hareide.