Per Arne Heltne, Per Harald Sørensen og Robert Barstad har fleire ting til felles. Ein av dei er at dei har hytte i Flødevikane på Sandsøya. Ein annan er at dei likar å vere på sjøen.

Laurdag var karane ute i båt på Sandsfjorden, då dei oppdaga noko i vassoverflata på fjorden utanfor Hidsneset. Robert forklarar:

– Det såg først ut til å vere berre ein del av ei trosse. Men då vi tok til å drage i det, vart vi «aldri» ferdige med å hale om bord.

Det var nemleg ei tjukk trosse, kanskje i så mykje som hundre meters lengde. Ikkje nok med det:

Det hadde dessutan vikla seg ei line på trossa, også denne temmeleg lang. Etter kvart kom det fram nokre blåser – og seks krepseteiner. Det var verken namn eller nummer på blåser eller utstyr, truleg slite vekk etter lang tid i sjøen.

På bryggekanten nedanfor hyttene i Fløda fortel trioen om at det både var kreps og restar av kreps, samt fine skjel, i teinene. Vi snakkar etter all sannsynlegheit om såkalla spøkelsesteiner, som berre fiskar, fiskar og fiskar.

Kommunen: Bra!

Vel så viktig er det faktum at eit slikt «tautroll» vert fjerna frå seglingsleia.

– Dette kunne ha sett både større og mindre båtar ut av spel, meiner karane.

Det siste er Ronny Prozenko ved kommunalteknisk vakt i Sande samd i.

– Stor takk for innsatsen. Her gjorde dei ein innsats både for sikkerheita til sjøs, og miljøet, kvitterer Prozenko. Ein siste del av innsatsen til hyttekompisane var å lempe funnet opp på Allmenningskaia på Sandshamn.