Laurdag 6. oktober vart den tredje trålaren i ein serie på fire like basert på Rolls-Royce sitt design døypt i hjartet av den franske byen Saint-Malo.

Myklebust Verft leverte bygg 395 – Emeraude – den 26. april i år til eit fransk selskap eigd av Compagnie des Pêches Saint-Malo og Comptoir des Pêches d’Europe du Nord.

Ti-femten nasjonalitetar var representerte. Reiarlaget hadde lagt opp til ei storstilt feiring med over 400 gjestar på sjølve dåpsseremonien på kaia. Gudmor var Rose Parleviet, som er kona til ein av eigarane av Euronor-selskapet.

– Alle dei fire trålarane, Berlin, Cuxhaven, Emeraude og Kirkella er leverte og i fullt fiskeri. Tilbakemeldingane har vore gode på deira prestasjonar som effektive og moderne fiskefartøy og ser ut til å bli nok ein god Myklebust-referanse ute i marknaden, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft til Vestlandsnytt.

Tilfeldigvis har alle båtane nær samstundes vore inne med fulle lasterom og levert sine fangstar. Fartøya opererer ut frå basar i Cuxhaven (Berlin og Cuxhaven), Saint-Malo (Emeraude) og Hull (Kirkella).