- Det er svært gledeleg at dei har valt oss til denne leveransen. Vi har stor fokus på optimale løysningar for fiskevelferd, og det betyr at med våre produkt beheld fisken optimal kvalitet gjennom heile prosessen. Det har vært eit godt samarbeid og vi gler oss til samarbeidet vidare i denne prosessen, seier salsleiar Arve Breivik, i ei pressemelding.

Med den nye løysinga vil fisken komme inn i fabrikken i sjøtemperert vatn, inn til sløyefabrikken og rett til tre vertikalfrysarar. Dette skil seg frå tidlegare metoder, der fisken har ligge i isa-kar. Med det nye systemet skal fisken behalde kvaliteten endå betre. Frysekapasiteten ligg på 15-18 tonn pr døgn, og fabrikken er spesialtilpassa det 29,7 meter lange skipet.

- Vi har valt MMC First Process fordi vi har positive erfaringar frå tidlegare leveransar, og at dei leverer gode produkt. Ein anna viktig faktor for oss er at dei er lokale. Vi er lokalpatriotar, så det å støtte nærmiljøet er svært viktig for oss så langt det er mogleg, seier reiar og dagleg leiar Hans Remøy.

Remøybuen AS har kontrahert ein snurrevadsbåt hos Vard Aukra, som skal ferdigstillast i siste kvartal 2019.