Det å vere raus handlar om å gi noko utan å forvente å få noko tilbake. Det dreier seg om å akseptere at vi alle er ulike. Vi kan vere rause med oss sjølve og med andre.

Desse orda finn vi på nettsida for Verdensdagen for psykisk helse.

Er det noko menneske med psykiske plager og lidingar verkeleg treng, så er det nettopp rausheit. Forståing og aksept frå familie, venner, naboar, arbeidsgivaren, samfunnet ...

– Psykiske problem kan bli behandla med medisin, snakketerapi, aktivitet og arbeid. Men like viktig som alt dette, er at ein blir møtt med rausheit. Trykket frå dei psykiske plagene kan lett bli halvert om ein slepp alle fordommane og toskeskapen frå folk rundt, seier kommunepsykolog Ivar Ørstavik i Herøy.

Han forklarer:

– Når nokon går til legen og blir sjukemeldt for depresjon, tør dei knapt å gå ut av huset etterpå, for tenk om dei treffer på naboen, som spør om kva dei styrer med for tida. Svarer ein ærleg, kan ein risikere å bli stempla som gal, svak eller udugeleg. Det synest ikkje utanpå, men den det gjeld kan få veldig vondt av eit skeivt blikk eller ein kommentar. Hadde alle dei som sjølve ikkje har opplevd psykiske plager, skjøna dette, ville halve børa blitt teken vekk.

Per måtte gi opp

April 2017: Per Veien søkk ned i stolen på sjefens kontor. I dag er det ikkje dagleg leiar som sit der, men den nye oversjefen, som vart tilsett etter at bedrifta skifta eigar. Han har berre vore innom eit par gongar. Noko er gale, og Per treng å snakke med den nye sjefen.

Per sine analoge ferdigheiter, gode serviceinnstilling og handlaget med menneske kjem til kort i den nye «dataverda». «De skal få hjelp til omstilling», heitte det i e-posten frå HMS. Men hjelpa er minimal, og Per har ingen nære han kan spørje.

I einerom med den nye sjefen, seier Per at han har eit problem.

– Etterpå sa han at eg skulle kome meg opp av stolen, for dette hadde han ikkje tid til. Det verka, på han, som at eg burde ha kunne alt det nye då han kom, fortel Per.

Hendinga var nok til å vippe Per ut av arbeidslivet.

– Å falle utanfor arbeidslivet er ein gjengangar hos mange med psykiske problem. Men dette kan bli førebygd mellom anna ved at arbeidsgivaren forstår og tek på alvor Arbeidsmiljølovens paragraf om omsorgsplikt, seier Ørstavik.

Vart redda av godt arbeidsmiljø

Det den nye oversjefen på Per sin arbeidsplass kanskje ikkje visste var at den tilsette framfor han hadde ei lang historie med psykiske lidingar. Det byrja med ei ryggplage i 1984.

– Eg gjekk mykje på betong i jobben, som var belastande for kroppen. Etter kvart gjekk det over i psykiske problem og eg fekk permisjon, seier Per.

Legen gav han sterke medisinar mot depresjon.

– Og han meinte eg burde skifte jobb.

Per fekk seg ny jobb, først i eit vikariat hos ei anna bedrift på Eggesbønes, og sidan ved Fosnavåg Trevare (der Thon Hotel Fosnavåg står i dag).

– Då eg starta der gjekk eg på sterke medisinar. Men vi var ein sånn fin, samansveisa gjeng, og etter nokre år trappa eg ned på medisinane. Til slutt trengde eg dei ikkje lenger, seier Per.

Ørstavik nikkar.

– Den beste og mest nyttige medisinen mot depresjon er arbeid og kjensle av meining og tilhøyre, seier han.

– Eg hadde spesielt éin veldig god kollega – Svein Håvard Sævik, seier Per.

– Hadde vi hatt fleire slike, hadde vi hatt det mykje betre, skyt Ivar Ørstavik inn.

– 50 % har vore gjennom det

– Det er ikkje noko som heiter «psykisk sjukdom», for det finst like mange måtar å vere deprimert på som det finst folk. Difor snakkar vi om psykiske plager og lidingar. Det kan vere like ille som å ha kroppsleg vondt, seier Ørstavik.

Ifølgje Helseinstituttet, omfattar psykiske lidingar alt frå enkle fobiar og lettare angst og depresjonslidingar, til alvorlege tilstandar som schizofreni. Felles for alle psykiske lidingar er at dei påverkar tankar, kjensler, åtferd, veremåte og omgang med andre.

– Dei vanlegaste psykiske lidingane er angst og depresjon, noko om lag halvparten av verdas befolkning er gjennom i løpet av livet, seier Ørstavik.

I 2017 hadde over 100 personar lengre tids oppfølging i tenesta for psykisk helse i Herøy. I tillegg gjekk 143 personar i korttids-terapi hos Ørstavik.

Angst

– Dei som aldri har opplevd angst, og som seier at «det berre er å ta seg saman», har ikkje peiling på kva dei snakkar om, seier Ørstavik.

Angst er nemleg ei kroppsleg og tankemessig reaksjon på ein ikkje-faktisk fare.

– Ein kan få vondt i magen eller hjartebank. Nokre vil flykte og gøyme seg, medan andre vert sinte og vil slost fordi dei er livredde. Nokre svimar av, av skrekk, seier Ørstavik.

– Samfunnet har ADHD

Å kjenne at ein ikkje er god nok handlar sjølvsagt ikkje berre om ikkje å meistre arbeidslivet. Kjensle av mislykkaheit kan oppstå i dei fleste samanhengar, og gjerne allereie i barndomen. Faktisk skjer det i stadig aukande grad, ifølgje kommunepsykologen.

– Eg vil sitere ein klok psykolog, Trond Haukedal. Han sa at samfunnet har ADHD – der er eit så stort jag etter ting at det skapar helseplager. Vi ser det heilt ned i barnehagen. Barn vert overstimulerte og er kjempestressa, byrjar han.

– Då eg vaks opp, var det lov til å prøve og feile, men i dag verkar det som at alt berre har éin rett måte å bli gjort på. Eg trur ein del stress- og depresjonsplager hos unge kunne ha vorte redusert viss skule, heim og kloke vaksne gav barna meir spelerom, fri leik og lov til å feile, seier Ørstavik og held fram:

– Eg snakkar med mange ungdommar, og eg ser at der er himla mange forventningar som skal bli tilfredsstilte før dei ikkje kjenner at alt er fiasko. Det kan bli eit slit.

Markering i Fosnavåg

I morgon, onsdag, inviterer Herøy kommune til ei felles markering av Verdensdagen for psykisk helse i Fosnavåg sentrum.

– Det vert sett opp telt ved paviljongen i sentrum, der det vert stands, underhaldning, konkurranse med flotte premiar og servering av kaffi og noko å bite i. Bjørn Holum vil opne denne viktige og kjekke dagen, heiter det på kommunen sine heimesider.