– Etter mitt skjønn er dette eit av dei, om ikkje det viktigaste trafikktryggleikstiltaket vi kan gjere i kommunen.

Det seier Arnulf Goksøyr (H) om utbetring av vegstrekninga mellom Leine og Voldsund. Herøy-ordføraren har sett seg lei av treneringa av vegprosjektet, eit prosjekt han sjølv hevdar å ha kjempa for sidan han tok plass i ordførarstolen.

Fylket hadde i fjor ei hovudrullering på alle prioriteringar. Fylkesvegane i alle kommunane vart då prioriterte på ny, men vegstrekninga mellom Leine og Voldsund blei ikkje prioritert i investeringsprogrammet.

Viktig av fleire grunnar

Goksøyr ser fleire grunnar til kvifor vegen bør prioriterast.

– Den viktigaste grunnen er naturlegvis å sikre skulevegen for borna på Voldsund, Remøy og Runde, slår han fast.

Turisme er det neste punktet på lista hans.

– Turiststraumen til kommunen blir berre større og større. Runde, ein av våre største turistmagnetar, trekker berre meir og meir folk. Vi er nøydde til å ta vare på sikkerheita for alle dei besøkande, held Goksøyr fram.

Den tredje grunnen handlar om at Remøy-brua etter kvart er moden for utbetring.

– Dette vil krevje mykje anleggstrafikk. Slik vegen er i dag, er den på ingen måte dimensjonert for å skulle handtere slik trafikk, i tillegg til den aukande trafikken som allereie er der, avsluttar Herøy-ordføraren.

– Med ord og handling

– Det er på høg tid at vi no fornyar kampen for å realisere Leine-Voldsund. Derfor har eg lyst til å kome med ei utfordring ti lokalpolitikarane og lokalbefolkninga. Vi må vise, gjennom ord og handling, at vi er opptekne av å realisere vegstrekninga.

Goksøyr meiner såleis at budsjettarbeidet i kommunen er ei fin anledning for å vise handlevilje. I vedtaket frå fylket heiter det at kommunen må ta kostnaden med gang og sykkelveg, medan fylket tek breiddeutvidinga av fylkesvegen. Dette kan Herøy kommune gjere, seier Arnulf.

– Vi må gjere det mogleg å forskottere prosjektet i samarbeid med fylkeskommunen. Vi treng også hjelp av lokalbefolkninga til å blåse opp ballongen som gir oss oppdrift, ein gong for alle, utfordrar Goksøyr.