Storfangstar i ringnot

Onsdag vart ein flott dag for Herøy-båtar som er lenger ute i havet på makrellfiske. Rogne hadde eit storkast på 780 tonn og Eros melde inn 830 tonn. No håpar fiskarane at fisket tek seg opp.

Storkast: Frode Fuglseth knipsa dette bilete då mannskapet på Rogne skulle ta om bord 780 tonn med makrell på onsdag. Foto: Frode Fuglseth  Foto: Frode Fuglseth

Nyhende

I morgontimane på onsdag gjorde Rogne eit storkast, og fekk inn heile 780 tonn med makrell. Vi snakka med styrmann Frank Rogne seinare på dagen.

– Ja, på slike dagar er det kjekt å vere på jobb. Det er ikkje kvar dag ein tek so mykje på eit kast. Det er også ekstra kjekt med tanke på at makrellprisen er ganske høge, sa ein nøgd kaptein, i det Rogne var på veg inn til levering i Selje onsdag kveld.

Om ein reknar litt grovt, svara eit slikt kast til nærare 12 millionar kroner.

Frank kan fortelje oss at ein annan Herøy-båt, Eros, også fiska store mengder med makrell denne dagen. Dei hadde rapportert inn 830 tonn.

Dårleg vêr

På grunn av dårleg vêr har fiskeflåten kome litt seint i gang med makrellfiske. Men no som det har vorte litt betre vêrforhold, håpar dei at dei kan kome i gang for fullt.

Vanskelegare å finne

Men sjølv om vêret ser ut til å bli litt betre, er det framleis utfordringar fiskarane må ta stilling til.

– Vi har hatt større utfordringar med å finne makrellen i år. Mellom anna har vi sett at han ligg litt djupare, seier Frank Rogne.

I og med at ein kom uvanleg seint igang med sesongen på grunn av svært mykje dårleg vêr og problem med mykje åte i fisken, var det denne turen i EU-sona ein fann fisken. Mykje av fisken har nok vandra gjennom norsk sone og vidare, sidan det tradisjonelt sett byrjar å bli forholdsvis seint i sesongen. Forrige tur fiska dei i norsk sone, men om det blir litt betre vêr blir det kanskje meir å sjå der etterkvart.

Kvotenedgang-spørsmålet

Som Vestlandsnytt allereie har skrive om, føreslo det internasjonale havforskingsrådet ICES å sette ned makrellkvoten i 2019 til 318. 403 tonn. Dette svarar til ein nedgang på 42 prosent samanlikna med rådet for 2018. ICES grunnar tilrådinga med at gytebestanden og tilsiget av ny fisk har vore på veg ned sidan eit toppunkt i 2011. I tillegg har fisketrykket vore høgare enn tilrådd i kvoteråda over ei årrekke. Dette har skapt sterke reaksjonar frå fiskeribransjen. Dei meiner det er grunn til å stille spørsmål med data som forskarane legg fram.

– Vi er svært ovverraska over forslaget om ein så drastisk nedgang i kvoterådet. At bestanden er på veg nedover er ikkje umuleg, men ein så stor reduksjon som 42 prosent verkar uforståeleg for oss, seier Rogne.