Det skal vere snakk om mopedstøy frå ein gjeng med gutar i 16–17 årsalderen, ifølgje dei bebuarane som har klaga inn saka for politiet. Akkurat talet på kor mange det er snakk om har variert. Det vi derimot veit er at det er snakk om både tuting og unødig motorstøy seint på kvelden i området kring Fosnavåg sentrum.

– Det er klart at dette ikkje er bra. Denne aktiviteten er til sjenanse for dei som bur i området, og dette er naturlegvis noko vi må få slutt på, seier lensmann, Tor Sæther, til Vestlandsnytt.

Han opplyser vidare at politiet er klare for å ta grep for at denne «moroa på kostnad av andre» ikkje held fram. Det kan til dømes bli aktuelt med fleire kontrollar av mopedar i kommunen. Får politiet greie på registreringsnummeret, vil det også vente reaksjonar.

– Eg vil be dei det gjeld om å vere ansvarlege mopedførarar. Eg ber også foreldre ta ein prat med ungdommen om åtferd i trafikken, avsluttar Sæther.