– Det var ein kamp prega meir av vêret, enn av godt spel. Men vi tek tre nye poeng, og det er vi sjølvsagt svært glade for. Godøy hadde nokre moglegheiter, men alt i alt er det vi som er det førande laget på bana, og vinn fortent, summerer opp Bergsøy-trener Toni Sandanger.

Tøff kamp

Etter ein mållaus fyrste omgang, frykta nok mange at Bergsøy skulle få ein tung kveld på Godøya. Men etter pause dukka toppscorar Franjo Tepuric opp, han gjorde som so ofte før og sette ballen i nettet, og dermed var Bergsøy i føringa.

Det stod lenge 0–1 i målprotokollen, sjølv om Bergsøy styrte det meste av spelet. Også Godøy hadde eit par gode moglegheiter, men Petter Meland Aasen redda meisterleg for Bergsøy.

I sluttminutta fekk Bergsøy sett inn eit par scoringar til, den fyrste signert kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik, medan Thomas Sætre Hauge sette den siste. Dermed 3-0-siger for Bergsøy.

Seks plussmål bak AaFK 2

Dei scoringane kan vise seg å bli særs viktige for Bergsøy i opprykkskampen. For samtidig som Bergsøy gjorde jobben i ruskevêret på Godøya, slo Rollon til med 1–0 siger over byrival AaFK 2. Det resultatet betyr at Bergsøy og AaFK 2 no har like mange poeng, 45 i talet, og at bylaget no berre er framfor på betre målskilnad.

– Når Rollon også slår AaFK 2 blir dette ein fantastisk kveld for oss. No blir det heilt enormt spanande i innspurten. Og eg ser det som like sannsynleg at Aalesund 2 skal gå på ein smell, som at vi skal gjere det, seier ein engasjert Bergsøy-trenar.

Hareid neste

I neste serierunde tek Bergsøy imot Hareid heime. Samtidig tek AaFK 2 i mot Godøy på Color Line Stadion. Bergsøy-trenaren lovar at dei skal gjere sitt, og so håpar han at herøyværingane også vil bidra.

– Vi skal fokusere knallhardt på treningane våre den komande veka, og stable på beina alt som kan stablast saman til kampen mot Hareid. So håpar eg at folk no møter opp på stadion, og støttar oss, i det som blir ein særs spanande sesongavslutning, seier Sandanger.