Larsnes IL søkjer spelemidlar

Larsnes IL søkjer om spelemidlar til eit sanitærhus.
Nyhende

Søknaden har vore fremja tidlegare, men kommunen har utsett prosjektet.

Huset er planlagt ved sjøfronten i nærleiken av Larsnes Brygge. Her kjem det handikaptoalett og dusjrom. Det vert tilrettelagt for alle brukarar.

Larsnes IL ser føre seg at huset vert tilgjengeleg for bruk i sommarmånadene. Det vert no meldt om stor og aukande aktivitet i Larsnesvika, etter at den nye sandstranda er realisert. Også rundt den nye sjøfronten ved Larsnes Brygge er det aukande aktivitet, og huset vil også vere bruk til jonsokaktivitatar.

Drift og vedlikehald vil bli gjort på dugnad, heiter det i søknaden. Prisoverslaget lyder på 610.000 kr. Idrettslaget legg også ved to tilsagnsbrev om støtte frå Sparebanken Møre.