At det kan bli litt surr og unødig tidsbruk når ein skal signere ein avtale manuelt, er ikkje eit ukjent fenomen. Spesielt kan det bli utfordrande om det er snakk om fleire underskrifter på same tid, og deling og arkivering skal skje etter strenge sikkerheitsforeskrifter. Dette har gurskingen Kjell Wiik tenkt å gjere noko med.

Lanserer applikasjon i Norden

I desse dagar er nemleg han og firmaet hans, Sift AS, i full gang med å lansere produktet Sifr Sign i heile Norden.

– Løysinga gjer det enklare for folk å skrive under avtalar, styreprotokollar og andre dokument. Applikasjonen gjer det også intuitivt og enkelt å dele dokument og filer, og handterer lagring og arkivering på ein sikker og trygg måte, forklarar Kjell Wiik, som er dagleg leiar i Sifr og RTC-tech.

Kjell Wiik og det Drammen-baserte selskapet er no i siste innspurtsfasen, før produktet i neste veke blir tilgjengeleg for ein kundemarknad på 140.000 bedrifter i Norden, gjennom salspartnar Dustin.

Sikkerheit som hovudfokus

Digital signering er, i og for seg, ikkje noko nytt. Det som derimot er forskjellen frå andre produkt i same produktklasse, er Sifr sitt sterke fokus på sikkerheit og at løysinga skal vere enkel for brukaren.

– Vi opererer med den høgaste krypteringa ein kan ha. Dette er vesentleg med tanke på personvern. Som mange veit, er det no blitt strengare krav til arkivering og deling av personopplysingar. Det nye regelverket kan vere vanskeleg å rette seg etter for mange, men med denne løysinga blir personvernet altså teke omsyn til med høgast mogleg sikkerheit, seier Wiik til Vestlandsnytt.

For dei som ikkje er kjende med terminologien, betyr kryptering av data at ein omformar data slik at dei blir uleselege for alle maskiner eller menneske som ikkje kjenner korleis det er endra.

– Enkelt og intuitivt

Det heile fungerer som eit skrivebordsprogram på datamaskinen til brukaren. Når ein opnar programmet er det berre å legge dokument inn og sende det til signering. Alle som skal signere dokumenta får då tilsendt ei kryptert lenkje på e-post og kan skrive under med signatur eller Bank ID. Deretter blir dokumentet arkivert og lagra sikkert i programmet, og alle involverte får ein kopi.

– Det må vere enkelt og intuitivt dersom folk skal bli trigga til å ta denne typen løysingar i bruk, forklarer Kjell Wiik.

Han påpeikar også systemet sitt potensial som eit reint fildelingssystem. Løysinga fungerer også som ei lagringssky der ein kan laste opp filer på opptil to terrabyte. Han peikar spesielt på ingeniør- og arkitektselskap, mediebedrifter og filmindustrien som potensielle kundebase for akkurat denne funksjonen.

Ser til marknaden i Asia

Wiik fortel at lanseringa i fyrste omgang vil gå føre seg i Norden, men han og selskapet er godt i gang med å sjå lenger ut over landegrensene.

– Gjennom vårt tette samarbeid med Drammen-selskapet Conexus/CXS og deira internasjonale partnarnettverk har vi moglegheit for å nå ein enormt stor marknad i Asia.

– Det er for oss heilt naturleg å sjå lenger enn berre Norden, for dette meiner vi er eit produkt som blir berre meir og meir aktuelt, avsluttar Kjell Wiik.