LGFK møter Ørsta, Bergsøy til Godøy

LEIV SINDRE MUREN: Arkivfoto  Foto: Jan Åge Sundnes

Nyhende

Fredag kveld er det klart for ny runde i 4. divisjon. Bergsøy tek turen til Godøy for å møte tabelljumboen. Bergsøy skal altså ikkje spele heime mot Hareid, som annonsert i Vestlandsnytt tysdag. Den kampen går fyrst neste fredag, 12. oktober.

For Larsnes/Gursken sin del ventar Ørsta heime på River Plate. Sandssokningane bør helst ha fleire poeng for å vere sikre på ein ny sesong i 4. divisjon. Men Ørsta er betre borte enn heime, og blir inga enkel oppgåve. Noko blant andre Bergsøy har erfart.