Ungdom frå Herøy og Sande fekk i fjor gratis kurs i personleg økonomi i skuletida, i regi av Ungt Entreprenørskap og Sparebanken Møre. No varslar sistnemnde at samarbeidet vert trappa opp, med ein avtale for tre nye skuleår.

– Vi står klare til å kjøre fleire kurs i åra framover, og vi har kapasitet til at endå fleire skular i området kan få dette tilbodet, seier banksjefane Per Ronald Knutsen og Kjell Ove Vasstrand i Sparebanken Møre i Herøy og Sande, i ei pressemelding.

Med rettleiarar frå Sparebanken Møre i vårt område og verktøy som «Impulskalkulatoren», står aha-opplevingane i kø. Elevane som deltek på kurset seier at «det er dette vi treng å lære», opplyser banken.

Ser at dei kan spare

– Renta gjekk nyleg opp, for første gong på mange år. Mange unge har kanskje aldri opplevd utfordringar med økonomien. Kredittkort og forbrukslån vert tungt marknadsført, og behovet for rettleiing er difor større enn nokon gong. Gjennom programma Økonomi og karriereval og Sjef i eige liv lærer elevane at dei ikkje kan kjøpe «alt», men må velje. Samtidig innser dei oftast at dei både kan, og må spare meir for å kunne kjøpe eigen bustad i framtida, seier banksjef Kjell Ove Vasstrand i Sparebanken Møre på Larsnes.

Stort kjøpepress

Kunnskap om personleg økonomi kan hindre mange i å gå i luksusfella. Samtidig viser tal frå Finans Norge at stadig færre foreldre snakkar med borna sine om temaet heime.

– Kjøpepresset startar tidleg. I 2020 kjem nye læreplanar med meir fokus på personleg økonomi, men i dag er det lite i læreplanane om dette viktige temaet. Difor er dette tilbodet så viktig for å gi ungdom nødvendig kunnskap for å ta kontroll over sin eigen økonomi. Det skapar tryggleik og legg grunnlaget for eit godt liv.

Det seier Sissel Tegelsrud Kolstad, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.

I fjor fekk totalt over 3000 ungdommar i Møre og Romsdal gratis kurs i personleg økonomi i skuletida. Nyleg gikk UE inn i ein ny samarbeidsavtale med Sparebanken Møre for tre nye skuleår, med gratis økonomiundervisning for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande i heile fylket.

Stiller med store ressursar

Frå starten i 2007 har Sparebanken Møre hatt fleire titals rådgjevarar i aksjon, og undervist tusenvis av elevar. Det er Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal svært nøgde med.

– Sparebanken Møre stiller enorme ressursar til disposisjon for å gi elevane denne viktige kunnskapen om økonomi, seier Tegelsrud Kolstad.

– I tillegg får elevane reflektere rundt sitt eige yrkesval. Vi oppmodar dei til velje ut frå sine eigne ferdigheter og kva dei interesserer seg for, og ikkje kva alle andre gjer, seier ho. Ho fortel at Sparebanken Møre er blant dei beste i landet på gjennomføring av programma.

Får kunnskap om viktige val

– Gjennom programma til Ungt Entreprenørskap ønskjer vi å gi ungdom grunnleggande økonomiforståing. Det gjer dei betre rusta til ta gode val og stå støtt på eigne bein i framtida, seier banksjef Per Ronald Knutsen i Sparebanken Møre i Fosnavåg.

«Økonomi og karriereval» er basert på aktiv læring gjennom diskusjon og refleksjon. Programmet vert gjennomført på 9. eller 10. trinn.