Ved Gjerdsvika og Kvamsøy oppvekstsenter har det ei tid vore kontituerte einingsleiarar. I eit brev til rådmannen i Sande skriv Utdanningsforbundet at stillingane enno ikkje har vore lyste ut.

– Vi er kjend med at dei som har vore tilsette i stillingane, har sagt opp. Vi ser ingen grunn til at det ikkje skal lysast ut og tilsettast nye einingsleiarar, heiter det i innspelet. No krev forbundet at stillingane vert lyste ut.

I arbeidsmiljølova heiter det at mellombels tilsetting er lov om det er vikariat. Vilkåret for eit vikariat er at den mellombels tilsette faktisk er tilsett i staden for ein annan. Lova seier at rektorstillingar med varigheit over eit halvt år må lysast ut offentleg.