Det opplyser Mørenett i eit brev til Hauge grendalag. Det er den gamle høgspentlinja frå Røyset inn til kyrkja som skal leggjast i kabel. Arbeidet vil – om ein får frivillig grunnavtale med alle – kunne starte i år og blir ferdig i 2019. Dessutan skal høgspentlinja frå indre Hauge over til Gjerdsvika fjernast, i fylgje Mørenett.

Når det gjeld hengekabelen som går frå gamleskulen i Haugsbygda og opp til ein nettstasjon, er han ikkje tenkt fjerna. Men er det leikeplass under denne, er det ikkje lovleg, legg Mørenett til.

Hauge grendalag og Haugsbygda bygdeutvikling ber no Sande kommune om å presse på for å få lagt i kabel den gamle hengelinja i Haugelia, som går over to regulerte leikeområde.