Ein utanforståande kan lett begynne å lure på kva som er å sjå og oppleve der. For mange er Voldsund berre ei kort vegstrekning som du køyrer fort igjennom på veg til Remøya og Runde. Men viss du tek deg tid til å stoppe opp og gå vekk frå hovudvegen, oppdagar du at staden har ei interessant historie. Dei som møtte opp til vandringa i Voldsund, samla seg fyrst nede i fjøra, i det såkalla Gjerdet. Der har det til dømes vore ein plass for tørking av klippfisk. I mangel av naturlege svaberg, la folk ut store steinheller og på den måten «flata» dei ut fjøra og gjorde plass til å tørke store mengder fisk som fiskarar kom med, også frå andre bygder. Ein del av desse flatene ser ein enno i dag, men mykje er også overgrodd.

Ei anna viktig næring for bygdefolket var produksjon av torv til brensel, ikkje berre til eige bruk, men for sal. Dette gjekk føre seg både nede i bygda og oppe på fjellet, og ein kan sjå søkk i landskapet der torva vart teken ut. Alle ressursar vart nytta, også tare og tang. Mange hadde ei god inntekt av å samle, tørke og brenne tare. Oska som ein då fekk, kunne brukast til å lage soda, og dette kunne dei selje til glasverka, som måtte ha det i sin produksjon av glas. Ein kan framleis sjå kvar dette gjekk føre seg i Voldsund, for dei karakteristiske steinsette gropene finst der enno, men bygdevandrarane gjekk ikkje dit, dei fekk berre høyre om dei.

Både i Voldsund og i andre bygder i Herøy har det skjedd store omveltingar dei siste 100–150 åra. Det er nesten uråd å førestille seg at alle husa i Voldsund var samla i ei klynge – eit såkalla klyngetun, for no er dei vekk, og ein kan nesten ikkje sjå spor etter dei. Jorda til kvar enkelt bonde var spreidd utover heile området i små teigar, og den store omveltinga kom med «Lov om utskifting», som kravde at teigane skulle bli samla til større og samanhengande jordstykke. Difor vart husa flytta ut av tunet og bygde opp att på den nye garden bondefamilien fekk seg tildelt,- og vips, var tunet borte og erstatta av for-seg-sjølv-ståande tun. Det er stort sett berre det gamle kartet som syner at her låg husa ein gong like tett som i ein spansk eller tysk landsby.

I det store og heile vart ein slått av kor annleis folk hadde det «før». På slutten av vandringa var vi innom eit lite område inntil ein bratt bergvegg kalla «Oleanna-tufta». Her stod det ein gong ein heim der berget var eine veggen i huset og ei berghylle tente som kjøkkeninnreiing! Dette var på den tid den berømte Johan Christopher Brun var overtoldbetjent og budde i Voldsund, som ikkje er så fole lenge sidan.

Det var i hovudsak Bjørn Otterlei som var guide og fortalde om bygda si, men han vart heile tida supplert av andre med kunnskap om plassen. Då vandrarane var samla på Einedalen skule, var fyrste temaet der om Karoline Voldsund, som var jordmor i ytre Herøy i 40 år, frå 1892 til 1932. Styret i sogelaget hadde laga ei seks minutts bildeforteljing om henne, utifrå ganske magre kjelder, men det som kom fram der, vart utfylt av ei samtale Bjørn hadde med to av barneborna til Karoline: Kjellaug Otterlei og Helge Storøy. Dei hugsa bestemora si veldig godt og kunne fortelje litt av kvart. Elles hadde bygda sin «grand old man», Knut Nærø, ordet og mintest gamle dagar. Helge Håberg var der også, og kunne fortelje om si interessante slektsforsking.

Styret i Herøy sogelag var veldig nøgde med dagen, ikkje minst det gode samarbeidet dei hadde med styret i Leine grendelag, som stilte med kaffi og noko å bite i på Einedalen skule. (Fordi ein såg at det vart for mykje å ta med både Leinane og Voldsund i ei vandring, valde ein å avgrense det til Voldsund denne gongen, og ta resten av krinsen ein annan gong).

Det er å vone at ein kan satse på å ha liknande arrangement i lag med dei andre grendelaga i kommunen.