Fjorårshausten var dårleg, medan årets sesong vert rekna som katastrofal. Sesongen 2018 vert omtala som eit samanhengane vonbrot for dei som har satsar pengar på kvotar og utstyr for snørefiske etter makrell.

Etter det Vestlandsnytt kjenner til, er det fleire av makrelldorgarane som vurderer å kaste korta, anten i form av å kutte ut denne tidlegare inntektsbringande delen av fiskeriet, eller –som nokre antydar– at dei gir seg med heile fiskeria.

Vi kontakta Norges Sildesalgslag om saka. Der kan dei skrive under på at 2018-sesongen har vore elendig for dei mindre båtane som fiskar makrell med snøre.

Stoda langs heile kysten er nemleg lik den vi har sett på Sunnmøre. Dorginga, og førebels også kystnotfisket, har nærast gitt niks og nada i resultat, får vi opplyst. Dårleg vêr er sjølvsagt ekstra utfordrande for dei minste, som stort sett plar halde seg innafor geografisk avgrensa område.

– Det var ein i bransjen som sa han aldri har fått så mange tilbod om makrellkvotar som denne hausten, seier vedkomande i sildelaget vi snakka med.

Situasjonen er isolert sett alvorleg for fiskarane. Bekymringsfullt er det også med omsyn til anna aktivitet kystfisket genererer. Det er i fisket sin natur at det finst mange usikkerheitsmoment, og makrellfisket er slik sett i ei særstilling.

Ingen har svaret på kvifor makrellen glimrar med sitt fråvær, sjølv om mange meiner å vite det. Neste år kan makrellen vere tilbake igjen. Men vert det då med mindre lokal deltaking?