Det er kanskje fyrst og fremst påska ein tenkar på når ein snakkar om det tradisjonsrike koret SKRIM (Sunnmøre Kristlege mannskor). Kvart år turnerer dei nemleg rundt omkring på Sunnmøre i dei tider. Men kvar haust legg karane også ut på songferd på Sunnmøre. I år skjer dette førstkomande søndag. Då vitjar prosjektkoret Runde bedehus, Kjeldsund og Ulstein kyrkje.

Songmøte

Kordirigent Svein Eiksund omtalar det heile som eit songmøte meir enn ein konsert.

– Det vert sjølvsagt mykje song, men programmet vil også inkludere tale-innslag. Dette er basert på tradisjonen vi har bygt opp i koret gjennom 85 år, forklarar han.

Mannskoret ser det som si hovudoppgåve å forkynne evangeliet i både song og i tale. Songar som spelar på kyrkje- og kristenlivet er såleis varemerket for den musikalske delen av repertoaret. Den lokale diktaren, Andreas Bjåstad, er blant dei som står bak tekstane til songane dei skal synge. Fleire av korsatsane er komponerte av Hareid-komponist Johan H. Grimstad. Han var elles koret sin dirigent og drivande kraft i lengre tid, 30 år.

– Etter samlingane vil vi også samle inn pengar, om nokon har lyst til å gi ei gåve til KFUM /K. Og så vil vi selje vår siste CD, seier han.

Gler seg til å besøke Runde For kordirigenten er det ekstra kjekt å kunne synge på Runde, då han sjølv budde der i sin barndom. Dessutan …

– Med det eg kan hugse, har vi ikkje vore på Runde dei siste 60 åra. Derfor blir dette eit gledeleg gjensyn med bedehuset der. Der er ein veldig stor og fin klang, eit lite «vokalmekka», seier Eiksund, som har dirigert koret dei siste 25 åra. Lidvard Grimstad er også med som dirigent på denne turen.

Kling framleis bra

Eiksund håpar sjølvsagt at mange har lyst til å ta turen.

– Det skal seiast at vi er ein vaksen gjeng som reiser på tur, men vi kling forbausande bra med tanke på alderen, avsluttar Eiksund.