Larsnes/Gursken starta bra i heimekampen mot Ørsta, og gjekk tydeleg for sigeren allereie frå fyrste speleminutt. Og det var ikkje spelt mange minutta då kampens dommar, Tor Ove Myrseth, gav sandssokningane straffespark. Der var Leiv Sindre Muren sikker, og LGFK leia 1–0. Men like etter utlikna Ørsta, då forsvaret slapp Jan Marius Klepp Brekke gjennom. So følgde ei periode der vêret styrte det meste av showet på River Plate, før LGFK fekk fart på sakene att. I minutta før pause hadde sandssokningane sjansane til å ta tilbake leiinga.

Vikanes blei helten

I andre omgang var Larsnes/Gursken totalt overlegne. Laget skapte sjanse på sjanse, men spesielt effektive var dei ikkje. Mangelen på ein storscorar var enkel å sjå. Men det er ikkje alltid ein treng målfarlege spissar for å ta tre poeng. Etter 53 minutts spel fekk nemleg venstreback Bjørn Vikanes eit godt treff, og via ein Ørsta-spelar, gjekk ballen i nota slik at heimelaget var i føringa. Fleire mål klarte ikkje heimelaget å sette, og dermed vart Vikanes den store helten.

– Det er herleg! Det var godt å sjå den gå inn, men det viktigaste er at vi tek tre fortente poeng, sa Vikanes etter kampen.

– Skal ta fleire poeng

Den spelande LGFK-trenaren, Anders Vaagen, var også godt nøgd.

– Dette var ein særs viktig siger. Vi kunne nok ha scora langt fleire mål, men det kan vi ikkje bry oss om no. Vi trengde tre poeng, og det tek vi. Difor skal vi vere nøgde med denne kampen, sa Vaagen rett etter sluttsignalet gjekk på River Plate.

Vaagen er også optimistisk før avslutninga på sesongen.

– Vi må halde fram med å spele som i dag. Laga vi skal møte framover er ikkje noko betre enn Ørsta. Spelar vi slik slår vi både SIF/Hessa og Valder, sa ein optimistisk trenar.

To bortekampar i vente

Nettopp SIF/Hessa er neste motstandar for LGFK. Den kampen går torsdag. LGFK skal no faktisk spele to bortekampar på rad, då Valder er vertar veka etter. I siste kamp kjem Emblem på besøk til Gursken.

Ettersom Hareid vann sin kamp mot Sykkylven er hareidsdølingane framleis tre poeng bak Larsnes/Gursken. Medan FK Sykkylven no får ein tøff jobb for å unngå nedrykk.

Framleis er det usikkert kor mange lag som må ta turen ned, då framtida til Herd og Spjelkavik i tredje divisjon stadig er usikker.