Sande kommune styrer mot underskot på 1,8 mill., men:

– Det ser betre ut no

Formannskapet i Sande ser lysare på den økonomiske stoda i kommunen etter at rådmann Oddbjørn Indregård la fram status for tredje kvartal.

Odd­bjørn Ind­re­gård: Den kons­ti­tu­er­te råd­man­nen i Sande, Odd­bjørn Ind­re­gård (t.v.) , la fram po­si­ti­ve ny­hen­de for Sande-po­li­ti­ka­ra­ne un­der tys­da­gens for­mann­skaps­mø­te. Sande kom­mu­ne ser ut til å av­gren­se un­der­sko­tet til 1,8 mil­li­o­nar kro­ner. Til høgre ordførar Dag Vaagen. Ar­kiv­fo­to: End­re vor­ren  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Indregård orienterte formannskapet om status for tredje kvartal, og kom med eit estimat for 2018, under tysdagens formannskapsmøte. Både helse og omsorg- og politisk og sentraladministrasjon-sektorane ser ut til å spare inn rundt ein million kroner kvar, i samsvar med budsjettet for 2018. Også kyrkje og trudomssamfunn ser ut til å klare seg med mindre enn budsjettert.